For å lage festival 1060 meter over havet jobbar ein godgjeng jevnt og trutt gjennom året, desse utgjer Vinjestaben! Vil du vere med? Og er du Valdris så oppfordrar me deg litt ekstra til å bli med. 

Sist oppdatert 27. september 2023

Ein posisjon i Vinjestaben er frivillig. Du går inn i ein stab rett i overkant av 30 gruppeleiarar som jobbar heile året med å førebu Vinjerock. I løpet av året har staben fire faglege og sosiale samlingar. Som stabsmedlem får du ta med deg ein gjest gratis, samt tilgang til å kjøpe to festivalpass til venner og andre godar. Ikkje minst får du vere med å forme korleis Vinjerock skal vere i framtida og ta del i eit skikkelig triveleg og godt fellesskap. 

Vinjegrafikar 

Me søkjer ein ny Vinjegrafikar, er det deg? 

Vinjegrafikaren i Vinjerock gjer naturleg nok alt det grafiske for festivalen, både til digitale flatar og til trykk. Ein jobbar jevnt og trutt gjennom året og er med på å påverke korleis Vinjerock visuelle identitet skal sjå ut. 

Du er kreativ, har eit godt auge for detaljar, er godt kjend med nødvendig programvare og synes det er moro å utvikle Vinjerock sitt uttrykk. Vinjegrafikaren er ein del av PR- og program-avdelinga og samarbeidar tett med Blest-sjef (sosiale media) for at det heilskaplege uttrykket til festivalen skal kome til syne i alle kanalar. Ein jobba ôg tett med administrasjonen om idèar og ting som skal produserast.

Me har allereie ein godt innarbeidd grafisk profil og assets, så her treng ein ikkje finne opp kruttet på nytt  - men vere kreativ med ein leiken profil. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Grafikk til digitale flatar, til dømes 
    • artist-, aktivitet- og foredragsslepp
    • skjermar på festivalområdet 
  • Grafikk til ulike trykksakar, til dømes
    •  merch
    • frivillig-tskjorte
    • skilt
    • akkrediteringskort 
    • armband 
    • gjerdedukar og lignande 

Frivilligsjef 

Er du glad i folk? Kanskje du er vår nye frivilligsjef? 

Som frivilligsjef er du kontaktpunkt for dei finaste folka i verda, nemleg frivillige Vinjerockarar.  Å vere frivillig for Vinjerock skal vere ein artig, inkluderande og meiningsfylt oppleving, og det er viktig for oss at dei frivillige kjenner seg verdsett og blir anerkjent for arbeidet sitt. Saman med staben skal frivilligsjefen lage eit trygt fellesskap for alle, uavhengig av kvar ein kjem frå eller kven ein er. 

Frivilligsjefen er ein del av avdelinga for vertskap, men har løpande kontakt med alle gruppeleiarar som har frivillige. Saman med gruppeleiarane skal du organisera dei frivillige, setja opp vaktlister, sørgja for god informasjonsflyt og vere tilgjengeleg for eventuelle spørsmål.  

Arbeidsoppgåver:

  • Oppsett av systemet, ulike registreringskjemaer og kommunikasjon
  • Bistå gruppeleiarar med søknadsbehandling og oppsett av vaktlister/system
  • Oppfølging og kommunikasjon med dei frivillige både før, under og etter festival
  • Koordinere Vinje Rockehøgskula saman med administrasjonen

Eigenskapar:

  • God på kommunikasjon, både norsk og engelsk
  • Løsningsorientert og fleksibel
  • Glad i folk, natur og musikk
  • Være oppteke av mangfald

Og er du Valdris oppfordrar me deg litt ekstra til å sende oss ein søknad! 

 

Ønskjer du å vere med i Vinjestaben eller har spørsmål om stabsposisjonane? Send e-post til dagleg leiar Guro Furunes Pettersen, guro.furunes@vinjerock.no eller nå ho på 91751135.