Ofte stilte spørsmål

Me får stadig vekk spørsmål om mange av dei same tinga. Difor har me laga ei side med ofte stilte spørsmål, som vi vonar kan bidra til at alle Vinjerockarar finn svaret på det dei lurer på utan å måtte gå den lange vegen om e-post eller telefon :-)

Dersom du framleis lurer på noko etter å ha lese denne sida står du naturlegvis fritt til å ta kontakt med oss!

Ta kontakt med oss dersom det er spørsmål du ikkje finn svar på i denne oversikta, så skal vi tilføye etter kvart :-)

1) Kvar får eg tak i billettar?

Festivalen er heilt utseld, og det blir ikkje seld fleire billettar. Ein del av sponsorane våre har derimot konkurransar heile vegen fram mot festivalen, og i tillegg er det nokon som sel billettar dei har til overs på Finn.no og gjennom Facebook-sida vår. Men vi gjer deg merksam på å vera veldig forsiktig med å kjøpe billettar frå folk du ikkje kjenner. Vi kjenner til at fleire har vorte forsøkt svindla, og mange forsøker å selje billettar til kraftige overprisar. Alle armband er sendt ut, så om du har med ein papirbillett og armbandet som høyrer til er i bruk av nokon andre vil du heller ikkje koma inn på festivalen.

2) Når går skyttelbussane til og frå parkeringa?

Sjekk alle rutetidene her. Vi gjer merksam på stor fare for kø torsdag kveld og sundag føremiddag. Vær gjerne tidleg ute dersom du skal nytte festivalbussen ein av desse dagane. Du må framsyne gyldig billett/armband (eller legitimasjon om du er akkreditert) ved påstigning på festivalbussen.

3) Når opnar festivalområdet?

Festivalområdet opnar klokka 14 på torsdag. 

4) Eg vil til fjells før i veka, korleis skal eg te meg?

Det er mogleg å koma seg inn til Eidsbugarden før i veka, men vi gjer merksam på at parkeringskapasiteten er svært avgrensa. Vårt beste tips er difor at du nyttar deg av kollektivtransporten som går til Eidsbugarden i dagane før festivalen. Det er forbod mot parkering langs heile Fv252, og feilparkerte bilar vil bli borttauga utan varsel, då dette skapar store problem for logistikken vår.

5) Kan eg ha med hund på Vinjerock?

Ja, det kan du - under visse føresetnader: Hundar slepp ikkje inn på sjølve festivalområdet. I campen kan du ha hund, så lenge den ikkje er til sjenanse for andre gjester. I tillegg gjer vi merksam på at hund ikkje er tillate på festivalbussen, på grunn av krav frå busselskapet i i forbindelse med allergiomsyn. Eigen transport kan tingast hjå transportsjef Fredrik, på e-post: fredrik.graham@gmail.com 

6) Har de allergivennleg mat?

Ja, det har me! Det skal vera mogleg å finne noko godt å eta sjølv om ein har allergi, til fjells. Full meny med merka allergener finn du her.

7) Får eg lada mobiltelefonen min?

Jepp! I samarbeid med Vang Energiverk set me opp ladestasjonar rundt omkring på festivalområdet. Fleire har ladepluggar for iPhone og micro-USB, medan ein har støpsel der du kan nytte din eigen lader.

I tillegg kan du kjøpe eller leie powerbankar frå Music Angel i krambua ved festivalinngangen. Her får du nylada powerbank for 250,- og kan byte den inn når den er utlada uendeleg mange gonger under festivalen. Om du leverer den attende får du 80,- i pant. Altså totalt 120,- for å leie uendeleg med straum for heile festivalen! 

8) Kva er det eg ikkje kan ha med meg i festivalcampen?

Eingongsgrillar og glasflasker er ikkje tillate, av omsyn til miljøet. Vi gjer i tillegg merksam på at bålbrenning er strengt forbode. Me set opp ein fellesgrill i nærleiken av festivalområdet, der du kan grille din eigen mat - hvis du ikkje vil smake på godbitane kjøkenet vårt diskar opp. Primus og anna kokeutstyr er tillate i campen, men bruk slikt utstyr med omhu!

9) Kva er kjappaste, enklaste måten heimatt på sundag?

Om ein skal dra erfaring frå tidlegare år, så må me seie: Møt opp tidleg! Dei fyrste bussane ut frå festivalområdet sundag har tidlegare vorte fylt fort opp av folk som har venta i kø, for deretter å venta på folk ei god stund før dei fekk fylt opp att neste tur. For at bussane skal få køyrd mest mogleg effektivt og utan forseinkingar vil me dessutan ikkje tillate bilar innatt mot Eidsbugarden før sundag ettermiddag, tidlegast klokka 16:00.

10) Kort eller kontant?

Kort! På festivalområdet nyttas kun betalingsløysinga Intellipay. Kontoen /armbandet kan ladast opp med både kontantar og kort, men vi ber om at du brukar kort i størst mogleg grad. NB: Parkeringsvaktene våre tek både kort og kontant.

Pakkeliste

Du kan vera fersk eller gamal Vinjerockar, me vil likevel gi deg nokre tips på vegen opp i fjellheimen.

Mang ein Vinjerockar har vore både våt og kald når kvelden lir på, vårt mål er at du skal vera så tørr, varm, mett og tilfreds som mogleg når dagen er omme!

Viktigst av alt:

Armbandet ditt, legitimasjon (og gyldig medlemskort hjå DNT om du har kjøpt rabattert billett)

Klede, sko og slikt

Ull er gull! Legg igjen finskjorta heime og kle deg praktisk (og for all slags vêr)! Lurt å ha i sekken er:

  • Ullundertøy (eit par lag)
  • Ullføsslo (Ullsokkar- fleire par)
  • Mellomlagsplagg i ull eller fleece
  • Dunjakke (sjekk vêrmeldinga)
  • Vasstett/vindtett jakke
  • Vasstett/vindtett bukse
  • Fjellstøvlar eller likande
  • Joggesko
  • Vottar og vantar
  • Skjerf/hals
  • Lue/anna hovudplagg som held toppen varm
  • Handkle
  • Toalettsaker
  • Lommerusk til dusjen på Fondsbu (10 kr)
  • Solbriller (me håpar på sol)
  • Badekle (Bygdin ventar)
  • Shorts/t-skjorte (i tilfelle godt vêr)
  • Godt liggeunderlag og god sovepose
  • Stødig telt

Ting du òg bør hugse å ta med deg

  • Kart og kompass
  • Myggolje
  • Primus/kokeapparat
  • Toalettpapir (NB! Kast det i søpla, ikkje i naturen)
  • Fyrstikker
  • Solkrem
  • Termos
  • Kontantar og bankkort
  • Hovudlykt
  • Opplada powerbank til telefonen din!
  • Vinjerock-appen, på telefonen din - den finn du på Google Play eller i app-store. 

Og sist men ikkje minst: Ta med godt humør og feststemning!