Miljøarbeid

Vinjerock held til eit av landets vakraste naturområder - nemlig Jotunheimen!  Å halde festival så høgt over havet medfører eit stort ansvar for å ta vare på området me leikar oss i.  Dette er ei utfordring som me har innlemma i alle delar av festivalen frå fyrste augneblink

Grøn festival

Vår miljøvisjon:

Vinjerock skal vera ein musikkfestival som gjennomførast med minimal innverknad på naturen i nærleiken, og der å vera miljøvennlig er eit fullgodt alternativ!

Me har dei siste åra fått eit stadig betre samarbeid med Retura, og i 2009 fekk vi for fyrste gong fullverdig kjeldesortering - også frå campane. Dette skjedde ikkje minst takka vera den fantastiske innsatsen frå alle som budde i campane og tok miljøarbeidet seriøst. Det er vi utruleg takksame for!

Men å vera miljøvennlig handlar for oss ikkje berre om korleis ein handterar søppel, det gjeld òg på ein rekke andre område. Difor har me heile vegen sett miljøet i fokus, mellom anna ved å bruke mest mogleg lokale råvarer for å minske transportutslipp, gjev deg moglegheita til å køyre Ubekymra-bussen heile vegen, nyttar mest moglegøkologiske produkt, har returordningar på ubrukte varer, held bruk av eingongsemballasje på eit absolutt minimum og har eit  totalforbod mot glasflasker, flygeblad og eingongsgrillar.  I tillegg jobbar me hardt for å bli ein "papirlaus" festival for å skåne miljøet, og satsar i 2012 i langt større grad på informasjon via elektroniske løysingar som mobilweb m.m.

Nytt i 2012 er at Vinjerock er blitt Miljøfyrtårnsertifisert! Det ropar me eit stort HURRA for! For at me skal lykkast med dette over tid treng me di hjelp, og me håpar du vil vera med oss og skape Noregs mest miljøvenlege festival i høgfjellet.

Tusen takk for hjelpa! :-)

Logo 2008