Ein frivillig stab på 30 personar jobbar heile året for å sørge for at Vinjerock blir fantastisk. Vil du vera med å lage verdas hyggeligaste fjellfestival? 

Sist oppdatert 25. november 2021

Vinjerock har ei unik og nydeleg samling mennesker i staben som jobbar året rundt for å planlegge festival. 

No er me på leiting etter bra folk som kan fylle eit par viktige frivillige roller i organisasjonen. Som medlem i staben får du vere med å forme framtida til Vinjerock, du får påvirke korleis festivalen skal vere og du får unik erfaring med festival- og organisasjonsarbeid. 

Du går inn i ein stab på i overkant av 30 gruppeleiarar som jobbar heile året med å førebu Vinjerock. I løpet av året har staben fleire sosiale og faglege samlingar, samt andre goder for innsatsen. Ikkje minst får du vere med å utvikle Vinjerock vidare!

Vinjerock er opptekne av mangfald. Me ynskjer søknadar uavh engig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, seksull orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Me vil også svært gjerne ha folk med bakgrunn frå Vang og Valdres i staben vår!

Desse posisjonane rekrutterer vi i: 

Tryggleikssjef for Vinjerock

Er du god på beredskap og publikumsflyt, eller har lyst til å lære meir om det? 

Denne stillinga er i utgangspunktet ei frivillig stilling. Vi kan diskutere honorar dersom ein kandidat har riktig kompetanse.

Som tryggleikssjef på Vinjerock har du ansvaret for å planlegge og gjennomføre tryggleiken på festivalen. Du jobbar tett saman med områdesjef og festivalsjef som har det overordna ansvaret i planleggingsfasen. Det inneber: 

  • Koordinere samarbeidet mellom innleigd vaktselskap, politi, Røde Kors og festivalen sine eigne frivillige

  • Utarbeide planverk i samarbeid med administrasjonen i forkant av festivalen

  • Inngå i festivalen si leiargruppe og kriseteam under avvikling

  • Ansvar for dei rundt hundre frivillige orden-og trivselsvaktene inne på festivalområdet og i festivalcampen ellers. Det inneber å rekruttere frivillige, sette opp vaktlister og passe på at dei får oppfølging på vakt.

Som tryggleikssjef må du vere tilgjengeleg på Eidsbugarden under opprigg, festival og nedrigg, ein periode på rundt 10 dagar. 

Kven er du?
Som tryggleikssjef på Vinjerock (1060 moh) toler du å vere ute i vêr og vind. Du er sosial og glad i å skape gode opplevingar for andre. Du er god til å samarbeide og kommunisere, og har lyst til å vere med å skape Vinjerock saman med resten av staben i fleire år framover. Du er god til å sjå det store biletet, og delegere ansvar. 

Du har gjerne erfaring med noko av dette, eller synes dette er spennande; 

  • Tryggleiksarbeid på arrangement

  • Publikumshandtering 

  • Planarbeid og prosjektleiing

Vil du søke på stillinga eller berre vite litt meir? Ta kontakt med Festivalsjef Sigrid Skjerdal på Sigrid@vinjerock.no/41454344

Foredrag- og litteraturansvarleg på Vinjerock 

 Vinjerock søker foredrag- og litteraturansvarleg i ei frivillig rolle i staben – er det deg? 

Som foredrag- og litteraturansvarleg på Vinjerock har du ansvar for å programmere, booke og avvikle alt av foredrag- og litteraturprogram på festivalen. Dette byr på ei mengd ulike oppgåver som du får bryna deg på og du får følge heile prosessen frå start til slutt. Vinjerock har eit rikt program kor vi ynskjer å sette fokus på mangfald, natur, miljø og kultur gjennom samtalar og foredrag i løpet av tre dagar til fjells.

Du vil ha ansvar for to arenaer; Parkscena som har plass til 100 tilhøyrarar og Vinjebue som har plass til rundt regna 40 tilhøyrarar. Her presenterer me mellom anna bokbad, samtalar, foredrag, bingo, silent disco (om vêret ikkje er på vår side) og Vinje Småfolk – ein konsert for dei aller minste festivalgjengerane. 

Du vil være ein del av PR- og programgruppa og ha ein avdelingsleiar som er din samarbeid- og sparringspartnar i Vinjerock. Under deg vil du ha frivillige som du har ansvar for å sette opp vaktlistar for, fylgje opp i forkant, under og etter festivalen, samt sørgje for at dei er innforstått med oppgåvene. Du har også overordna ansvar for dekor, opprigg og nedrigg av Parkscena. 

Er du kreativ, strukturert, glad i natur, miljø og kultur kan du vere den me leitar etter! 

Er du interessert i denne frivillige stabsstillinga? Ta kontakt med Guro Furunes Pettersen, guro@vinjerock.no med søknad eller spørsmål!

Mangfaldssjef i Vinjerock

Denne stillinga er ei frivillig stilling i staben til Vinjerock. Mangfaldsprosjektet vart starta i 2015 som eit samarbeid mellom Vinjerock og Vang frivilligsentral, Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Mangfaldssjefen har hatt tre hovudfokus;

  • Integrere flyktningar
  • Rekruttere lokal ungdom
  • Legge til rette for menneske med nedsett funksjonsevne

Framover bør ein jobbe vidare med å utvikle mangfaldsbegrepet, og jobbe med å få ei breiare samansetting og betre kjønnsbalanse både i stab, blant frivillige og i publikum - og på scenene. Dette er heile staben sitt ansvar, men mangfaldssjefen har eit særskilt høve til å løfte problematikken og jobbe med tiltak for å oppnå betre mangfald i festivalen. 

Mangfaldssjefen har ansvar for å jobbe med handlingsplan for tilgjengelegheit og sjå til at festivalen gjennomgår ‘sjekkliste for tilgjengelighet’ frå NKA.

Vil du vite meir om kva stillinga inneber? Ta kontakt med noverande mangfaldssjef og leiar for frivilligsentralen i Vang, Marte Tangen: frivilligsentralen@vang.kommune.no 

Søknadar på stillinga sendast til festivalsjef Sigrid Skjerdal på Sigrid@vinjerock.no/41454344

Blest-sjef for Vinjerock

Er du kreativ, stødig i nynorsk og tykkjer sosiale media er kjekt? 

Blest-sjefen i Vinjerock styrer korleis Vinjerock er synlig ut mot publikum, og har ansvar for PR-arbeid og er festivalen sitt ledd til media. Ein tek imot henvendelsar frå presse, oppdaterer publikum på nyheiter gjennom nettsida og sosiale media, og sørger for at Vinjerock-identiteten lyser gjennom i alt som kjem frå våre kanalar. 

Blest-sjefen er stødig i nynorsk og dreg gjerne på med eit uttrykk på Valdris i ny og ne. Det er ein stor fordel å vera kreativ og synes det er artig å utvikle Vinjerock sitt uttrykk i sosiale media. Ein bør kjenne til, eller ønske å lære seg, ulike publiseringsprogram for sosiale media (t.d. buffer, later) og enkle redigeringsprogram (t.d. Adobe spark eller liknande). 

Blest-sjefen jobbar i Program og PR-avdelinga og samarbeider med dei andre gruppeleiarane om utvikling og formidling av festivalprogrammet. Ein jobbar også tett med Vinjegrafiker for at det heilskaplege uttrykket til festivalen skal kome til syne i alle kanalar. Ein jobbar også tett med administrasjonen om idèar og informasjon som skal ut, og om å lage publiseringsplanar og strategiar.

Blest-sjefen har med seg frivillige for å drifte sosiale media under festivalen, og har ansvar for rekruttering og oppfølging av desse. 

Typiske oppgåver: 

  • Publisere på Vinjerock sine kanalar i samband med artistslepp eller billettsalg
  • Forfatte pressemeldingar 
  • Ha kontakt med og videreformidle informasjon og materiell til presse 
  • tenke ut kreative og morsomme måtar å engasjere publikum i Vinjerock sine verdiar, og synliggjering av partnerane vi jobbar med 

Vil du søke på stillinga eller berre vite litt meir? Ta kontakt med programansvarleg Guro Furunes Pettersen på guro.furunes@vinjerock.no