Kjekt å vite (Q&A)

Kva skal ein pakke med seg? Er det lov med hund? Kort eller kontant? Bikini eller boblejakke? Spørsmåla er mange blant Vinjerockarane om dagen, og difor har vi laga ei aldri så lita oppsummering med harde fakta til deg. Om du skal lese ein sak på heimesida vår i år bør det vera denne.

1) Fyrste bod: Hugs armband!

Dette er strengt tala det viktigaste av alt.
Hugs armbandet ditt og ta gjerne med billetten for sikkerheits skuld. Utan armbandet kjem du ikke på festivalbussen - ei heller inn på festivalområdet.
Vi kan diverre ikkje hjelpe deg, sjølv om du får nokon til å sende deg eit bilete av billetten der han heng heime på kjøleskåpsdøra eller armbandet er med kompisen din på fjelltur.

Så: HUGS  ARMBANDET DITT!

Ynskjer du å endre leveringsadressa?
Det er mogleg å endre leveringsadresse på armbanda fram til 1.mai. Logg deg inn på brukarkontoen din hjå billettservice.no og velg «rediger adresse».

OBS! Har du endra adresse hjå billettservice.no etter at du kjøpte billett, er det viktig at du registrerer rett adressa, for å få armbanda sendt dit du ynskjer.
For spørsmål, kontakt carl@vinjerock.no

2) Pakkeliste

Mang ein Vinjerockar har vore både våt og kald før deg, men om du hugsar alt dette skulle du ha dei beste føresetnader for å vera både turr, varm, mett og glad når dagen er omme. Ikkje ta med deg meir utstyr opp til Eidsbugarden enn du har tenkt å ta med deg heim att.

Ta ein titt på pakkelista her!

Sjekk gjerne vêrmeldinga før du legg i veg, så har du ein peikepinn på kva du treng (sjølv om den erfaringsmessig aldri slår heilt til)...

3) Parkering og festivalbuss

Grunna for liten parkeringskapasitet på Eidsbugarden, samt eit sårbart vegnett, må alle gjester parkere på festivalparkeringa ved Tyinkrysset/Tyin (har haldeplass for festivalbussar). Pris for parkering er kr. 500,- for heile festivalen.

Festivalbussen inn til Eidsbugarden er inkludert i festivalbilletten. 

Skyttelbussane korrensponderar med rutebussane innover på torsdag(T-E) og utover på sundag på sundag(E-T). NB! Gå av på stoppestad Tyin, og hugs å bestille billett på forhånd! 

NB: Du må vise armbandet ditt fysisk før du kan gå ombord på festivalbussen. Har du akkreditering eller er frivillig kan du henvende deg til bussvakta som har liste over namnelister. Hugs legitimasjon!

Skyttelbussen frå Tyin går med følgande rutetider:

Onsdag 19/7, frå Tyin: 12.00, 14:00, 16:00, 18:00, 20:00, 22:00 (NB: Onsdag kostar skyttelbussen 100kr)

Torsdag 20/7, frå Tyin: 10:00, 10:30, 11:00, Deretter avgang kvart 20. minutt til 22:00.

Fredag 21/7, frå Tyin: 12:00, 14:00, 16:00, 18:00, 20:00, 22:00

Laurdag 22/7, frå Tyin: 12:00, 14:00, 16:00, 18:00, 20:00, 22:00

Søndag 23/7: Første avgang frå Eidsbugarden kl 08:00, fortløpande avgangar til 16:30.

 

Ubekymra-bussane tek deg frå Oslo, Bergen og Tronheim og har følgande rutetider:

Frå Oslo:

Torsdag 20/7 kl 08:00 og 08:30, retur søndag 23/7 kl 15:30

Frå Bergen:

Onsdag 20/7 kl 09:30, retur søndag 23/7 kl 15:30

Frå Trondheim:

Onsdag 20/7 kl 08:00, retur søndag 23/7 kl 10:00

 

4) Infotelt Eidsbugarden

Infoteltet på Eidsbugarden er bemanna med infovertar som kan gje deg svaret på det meste du lurer på. Veit dei det ikkje sjølve gjer dei kva dei kan for å finne den rette å spørja. Innsjekking for friivllige/akkrediterte er i dette teltet.

5) Opningstider generelt 

Festivalområdet

Torsdag: Festivalområdet opnar kl. 14.
Fredag: 10-03 
Laurdag: 10-03

Vi tek atterhald om at endringar i opningstidene kan forekomme. Dei ulike utsalsstadene kan ha andre opningstider enn sjølve området.

6) Dyr på festival

Det er tillate med hund i campen, så lenge den ikkje er til sjenanse for andre gjester. Hugs bandtvangen og sørg for at dyret ditt alltid er ivareteke (har mat, drikke, ly for vêret og ikkje blir sett att åleine i lange periodar). Ditt dyr er ditt ansvar!

Det er ikkje tillate med hund inne på festivalområdet, og heller ikkje på festivalbussen grunna allergihensyn. Ved behov kan eige transport for dei firbeinte kan transport tingast hjå transportsjef Jon Markus Moldstad på e-post:jon.markus@vinjerock.no. Det må gjerast god tid i førevegen (og seinast mondag 18. juli). 

7) Ungar på festival

Ta gjerne med ungane om du ynskjer det. Aldersgrensa på festivalen er 16 år, men ungar under 16 år slepp inn i følge med føresette. Ungar under 12 år har gratis inngang i følge med føresette.

Har du med borna og skal campe? Set gjerne teltet ditt opp eit stykkje unna alle andre, ivrige Vinjerockarar har ein tendens til å lage lyd langt ut i dei små timar, og born skal helst sove om natta. Hugs å passe på høyrselen til dei minste (bruk hørselsvern som Peltor Kids eller liknande) slik at dei framleis kan nyte lyden av Vinjerock om 20 år!

8) Mat og drikke

Matpakka kan du legge att heime. Vi har rikeleg med mat, god mat! Og det beste av alt er at den ikkje kostar skjorta heller. Vi har òg tilbod til allergikarar og vegetarianerar.

9) Betalingsløysing

Alle salspunkt på festivalområdet tek kun Intellipay som betalingsmetode. Armbandet kan ladast opp med både kontantar og kort, men vi ber om at du i så stor grad som mogleg nyttar kort for å fylle opp pengar på armbåndet.

  • Intellipay er ei elektronisk betalingsløysning.
  • Alle transaksjoner er gratis.
  • Du kan kjøpe og fylle opp kontoen med det beløpet du ynskjer i Bongbue på festivalområdet.
  • Armbandet brukast som betalingsmiddel på alle salspunkt.
  • Refundering av ubrukt beløp gjerast på nettsida. 

10) Camping

Alle med festivalpass har inkludert gratis overnatting i verdas mest idylliske festivalcamp like ved festivalområdet. Det vil bli rigga toalett i tilknyting til festivalcampane. Hugs at bålbrenning, eingongsgrillar og glasflasker er strengt forbode i festivalcampane! Festivalcampen er fysisk avgrensa, og det skal ikkje setjast opp telt utanfor desse grensene. Vi ber dykk respektere privatlivet til hytteeiagarne i nabolaget.

Det blir òg i år rullestolvennlig camping ved sidan av Fondsbu, denne er kun for rørslehemma.

11) Dusj og do

Toalett finn du fleire stader på festivalområdet, og vi ber alle om å nytte dei med omsut for den som kjem etter deg. Forlat gjerne toalettet slik du sjølv ynskjer å finne det neste gong! :-)

Dusjar har vi få av, men det er mogleg å vaske av seg den verste skiten i annekset på Fondsbu. Så vidt vi veit kostar det framleis kr. 10,- for gode fem minutt med varmvatn, så hugs tikroningar om du ynskjer å dusje.

Rydd opp etter deg og ta av deg skoa før du går inn i garderobeområdet! 

12) Sorter søpla di!

Posar til søppel får du på festivalbussen, i infoteltet og av vår vandrande miljøpatrulje. Desse har fargekodar:
Raudt = pant, grøn= matavfall, kvit = restavfall og plast.

Søpla di leverer du på ein av dei mange miljøstasjonane våre som du finn rundt om på Eidsbugarden. Her kan du og levere spesialavfall som til dømes batteri og gassbehaldarar. 

NB! Ikkje ta med deg meir opp til Eidsbugarden enn du har tenkt å ta med deg heim att, vi set stor pris på at du etterlet campen slik du fann den - rein og ryddig! :-)

13) Aktivitetar og turar

Veit du ikkje kvar du skal gå? Ynskjer du turtips? Stikk innom turinformasjonen til DNT i Vinjeparken og spør om råd! :-) Ellers er programmet spekka med moro både for deg som har kjøpt deg ein plass og for deg som vel å satse på gratisalternativa.

14) Helse og tryggleik

På Vinjerock har vi eigen Vinjedoc (doktor). Skulle uhellet vera ute kan ho lappe deg saman igjen, evt. sende deg vidare om sterkare lut må til. Sanitetsteltet er alltid bemanna med sanitetspersonell frå Røde Kors, sjukepleiarar og lege. I tillegg finn du politi og brannvesen i same området.

I tillegg til dette har vi alltid tryggleikspersonale som patruljerar området og passar på. For din eigen tryggleik tilrår vi:

  • At du er varsam med å bade i elver og vatn (Bygdin, Tyin, andre blaute områder). Det er som oftast bikkjekaldt, kroppen kan få sjokk og du panikk. Vass heller uti til knes om du er varm (eller møkkete) og vask deg på grunt vatn!
  • Ikkje bruk av eigen båt/kajakk/kano utan riktig opplæring og utstyr (hjelm, tørrdrakt, symjevest og trening).
  • At du syter for å pakke med deg nok klede. Om du treng meir kan dette kjøpast på Intersport sitt utsal!
  • Å ikkje fyre opp primus o.l. i inne i teltet. Teltbrann er stygge saker, og det ser me helst at du slepp å oppleve.
  • Å ikkje tenne opp bål/grillar o.l. i campen. Dette er strengt forbode! Grille kan du gjere på fellesgrillane, og ellers har vi festivalmat til ein god pris i matteltet.
  • Ikkje går åleine!

Vi er høgt til fjells om det er viktig at alle tek godt vare på kvarandre. Skulle du komme over nokon som treng hjelp (for eksempel har fått i seg for mykje godt drikke, er kald, medvitslaus e.l.), ta kontakt med vaktene våre og syt for at vedkommande blir tatt vare på.

Vaktsentralen (24t) når du på tlf:  979 93 370
Naudsituasjonar: 112
Politi: 02800

15) Tapt og funne

Har du funne noko som ikkje er ditt? Ta det med til infoteltet og lever det her. Har du mista noko? Stikk innom det same infoteltet og meld det sakna, eller høyr om det er komme til rette.

16) Framtidsretta informasjonsløysingar

Vi prøver stadig å forbetre oss med tanke på miljøet, og med det bestemte vi oss i 2012 for å fjerne papirbaserte informasjonsløysingar (så langt som råd er) og satse på meir miljøvenlege løysingar. Vi har kutta ut både festivalavis og festivalprogram, då det stor sett enda som søppel etter festivalen, men ikkje fortvil - gode alternativ ventar deg!

Infoskjermar

Det blir plassert infoskjermar rundt på området der de kan finne informasjon om det meste som skjer og anna nyttig informasjon. Dersom infoskjermen ikkje «svarar» på det du lurer på kan du ta turen innom Serviceteltet og spørje dei hyggelege vertane våre der!

Mobilapp, WiFi & ladestasjonar

Fordi vi baserar oss på digitale informasjonsløysingar nyttar vi ein app som syter for informasjon «rett i lomma» (for Android/Apple-telefonar). Vi baserar oss på at du nyttar mobilen, og difor set vi òg opp ladestasjonar i samarbeid med Vang Energiverk fleire stader på festivalområdet slik at du skal slippe å gå straumtom. Ladestasjonane er markerte på kartet (som du m.a. finn i mobilappen Vinjerock). Det skal bli tilgang til WiFi i år (ja, betre enn i fjor håpar vi), men vi anbefalar at du lastar ned appen FØR du kjem til fjells og kun nyttar nettet til heilt naudsynte ting.

Nettsida vår

Ta gjerne turen innom før du reiser og oppdatèr deg på siste nytt på nett - her finn du intervju, program og anna snacks det kan vera kjekt å ha lest i gjennom før du pakkar sekken og dreg.

Dersom noko framleis er uklart er det berre å sende oss ei melding på Facebook  eller e-post på post@vinjerock.no -  så skal vi svare deg som best vi kan.

Velkomen til fjells!

Vi tek atterhald om at endringar kan forekomme.