Festivalområdet
I enden av ein to mil lang blindveg, på 1060 meter over havet, ligg Eidsbugarden. Denne perla i ytterkanten av Jotunheimen Nasjonalpark har i over 150 år vore eit ynda utgangspunkt for fjellturar i nasjonalfjella våre. Det er vel eigentleg ikkje så rart at han vart bergtaken når han kom hit for fyrste gong, Aasmund Olavsson Vinje. Bua han sette seg opp på Eidsbugarden i 1868 markerte starten på eit fjelleventyr, som i 2006 fekk sitt eige rockekapittel.
Eidsbugarden
Eidsbugarden ligg i Vang kommune, lengst vest i Valdres. Naboane i vest er Årdal, Lærdal og Luster. Sørover ligg Hemsedal, og austover og nordover ligg fylkesgrannane Vestre og Øystre Slidre, Vågå og Lom. Kort oppsummert: Eit enormt fjelleldorado!
Eidsbugarden i dag
Dagens aktivitet på Eidsbugarden er i stor grad knytta opp mot dei standhaftige reiselivsbedriftene Fondsbu (DNT) og Eidsbugarden Hotell. I tillegg er det ein del private hytter i området, men mange aktive hytteeigarar som engasjerer seg i det meste som foregår i fjellheimen. Eidsbugarden har faktisk sitt eiget blad - Eidsbugarden Budstikke - som kjem ut tre gonger i året.

Utsikt over Eidsbugarden frå Sløtafjellet.

Vinjestøga er i god stand den dag i dag.

Aasmund har godt utsyn til festivalområdet frå heidersplassen sin på brygga.

Eidsbugarden Hotell ligg attmed Bygdin.

Eidsbugarden sett frå Utsikten.
Vinje og Eidsbugarden

Aasmund Olavsson Vinje vart fødd 6. april 1818 i Vinje i
Telemark og døydde 31. juli 1870 på Gran på Hadeland. Og sjølv om
han berre fikk oppleve to sumarar på Eidsbugarden er namnet og
ettermælet hans sterkt knytta til denne plassen som han «valde
etter syn på mange ved Bygdins vestre ende på ein Tange».
I 1860-åra dannar det seg ein vennekrets omkring Vinje -
Døleringen vart den gjerne kalla - og frå 1863 dreg fleire stykkjer
av dei til fjells i tre til seks veker kvar sumar. Dei kraup inn i
kummerlige jaktbuer og var godt nøgde med det.
«Men ettersom eg meir på Alder steig og Foten mindre lett
frametter seg, so laut eg sveiva meg og snu at eg i Jotunheimen
fekk ei bu, der eg ein Maanads tid kan leva vel og styrkja millom
Fjellom Skrott og Sjel»
(Frå Pantebrevet, A. O. Vinje)
I 1868 sto Eidsbugarden til Aasmund Olavsson Vinje ferdig. Den
vart bygd av Engebret Beito frå Beito. Tømmeret vart frakta med båt
over Bygdin fra aust, og dette var også den vanlege adkomsten til
Bygdins vestre ende.
Pantebrevet er eit pant til konsul Thomas Heftye - på rim. Vinje
var ingen rik mann og han måtte låne pengar av konsul Heftye til å
reise Eidsbugarden sin. Slik gj det til at Heftye overtok Vinjes bu
etter hans død i 1870. På dødsleiet drøymer han om
Eidsbugarden:
«Kann du minnast utsynet fraa Skjeneggi den morgonen, du, daa den
kvite skodda dreiv burt imillom Skagastølstindane, og
Koldedalsbreane lyste som gull i solglansen. Aajei, aajei, at eg
inkje skal koma dit i sumar!»
«Men naar eg no er lagd i kista, so vil mi aand slaa upp sin heim
deruppe milliom fjelli. Og so vil eg sitja der paa Falketind og
sjaa ut yver Noreg, og Fjellradirne skal stiga fram..»
Men to sumarar tilbrakte han her; den fyrste med sine tre gode
vener Berner, Boll og Sars - dei streifa lykkelege omkring i
fjellområdet rundt Eidsbugarden. Og Skjeneggi var Vinjes
favorittstad. Sumaren etter var han på bryllupsreise med sin
nygifte kone Rosa Constance Sophien Kjeldseth til Eidsbugarden. Det
vart hans siste sumar. Og også hennes. Ho døydde i barselseng den
5. april 1870 - dagen før Vinjes 52-årsdag. Og den 31. juli same år
tok magekreften Vinje - han kom aldri lenger mot Jotunheimen enn
til Søsterkirkene på Gran på Hadeland, der han ligg begrava.
