Festivalmat

Om du ikkje absolutt vil ha frysetørka turporviant og hermetikk fordi du synst det smakar kjempegodt (og kven gjer vel det?), så kan du trygt la stormkjøkkenet bli liggande på botnen av sekken.  Dei dyktige kokkane våre sørgjer for herleg mat frå tidleg morgon til seine kveld - for ikkje å seia langt på natt.

På menyen

Kva som står på menyen i år er framleis ein godt bevart løyndom, for både oss og dykk, men me kan garantere spennande - og ikkje minst god - mat. Følg med for ein rikhaldig og freistande meny utpå vårparten.

PS! Også i år vil me prøve å legge til rette slik at alle skal finne noko dei kan putte i magen, anten du har matallergiar eller held deg vekke frå visse typer mat (t.d. kjøt). Me strekkjer oss langt for at alle skal bli glade og mette Vinjerockarar!