Frivilliginnmelding

Vinjerock kan aldri koma vel i hamn utan frivillige arbeidsjern som er vertskap for dei fantastiske festivaldeltakarane våre. For å forsvara tittelen som Noregs beste rockefestival, treng me kvart år rundt 500 frivillige for å sikre ei framifrå festivalhelg. Desse heldiggrisane vil få ei oppleving av Vinjerock utanom det vanlege.

Er du med?

OBS! Når du søkjer som frivillig aksepterer du automatisk frivilligkontrakta, trykk HER for å lese igjennom. 

Harde fakta

Som frivillig får du, i tillegg til å oppleva Noregs vakraste festival utan å betale eit raudt øre:

  • Delta på Vinje Rockehøgskule (ei helg i juni der me blir kjent, lærer og har det kjekt i vakre, vene Vang i Valdres)
  • Gratis mat medan du er på arbeid under festivalen
  • Litt godsaker frå festivalens sponsorar
  • Ei unik frivillig t-skjorte
  • Fri transport t/r Tyin -Eidsbugarden
  • Garantert nye, kjekke venner for livet

Som frivillig blir du del av eit stort frivillig-fellesskap, og du vil bli kjent med nye folk både før og under festivalen.  Du skal difor ikkje vera redd for å melde deg sjølv om ingen andre du kjenner skal vera med som frivillig- me lovar å ta godt vare på deg!

Me vonar at både lokale og langvegsfarande melder seg som frivillige, slik at me saman kan gjera Vinjerock 2016 til nok ei uforgløymeleg oppleving i fjellheimen. 

Spørsmål? Skrik ut til frivilligkonge Harald på e-post harald@vinjerock.no.

Bar/Fjellkokk

Erfaringa tilseier at fjellufta gjer folk ekstra tyrste, og me treng nokon med godt humør til å tappe festivaløl og lage mat til svoltne fjellfolk. Som Fjellkokk på Vinjerock får du moglegheit til å jobbe med fantastiske råvarer, erfarne kokker og ikkje minst ein spennande meny!

Erfaring frå bar eller kjøkken er sjølvsagt ein fordel, men definitivt ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har stå-på vilje og godt humør!

Aldersgrense for jobbing i bar: 18 år.

OBS: Dersom du ynskjer å vere med i denne gruppa må du skrive inn personnummer ved utfylling av skjemaet. Desse vert kun brukt til å føre personallister.

Miljøarbeidar

Festivalen går føre seg i fjellheimen, og då er det ekstra viktig at festivalområdet blir godt teke vare på. Miljøarbeidarane ser til at festivalområdet er reint og ryddig, og passar på at folk ryddar opp etter seg. I tillegg passar me litt ekstra på at folk har det bra, set deg gjerne ned i lyngen og slå av ein prat med det framifrå festivalpublikummet!

Ordensvert/Trivselsvert

Som ordens- og trivselsmedarbeidar er det ikkje nødvendig med forkunnskap frå korkje karate eller tøffe gjengmiljø, her held det at du er omgjengeleg og hyggelig. Kardemommelova gjeld også på Vinjerock - di oppgåve blir å sjå til at folk trivst, og at det er ro og orden på området slik at alle har det bra! Aldersgrense: 18 år.

OBS: Fordi politiet vil sjekke vandelen til vaktene, må dei som ynskjer å vere med i denne gruppa skrive inn personnummer ved utfylling av skjemaet.  

Sanitet

Som sanitetspersonell vil du være ein uvurdeleg ressurs for alle som besøker festivalen. Her blir det fokus på å ta vare på alle, om det så kun er gnagsår eller bankande hovudpine. Krav til alle søkjarar er at du må væra ferdig utdanna enten sjukepleiar eller lege. Hvis du er lege må du være ferdig med turnus og ha lisens til å arbeide som lege i Noreg.

Billett og Bong

På toppen av pakkelista ligg festivalarmbandet, og med den vert dei viktigaste behova til festivaldeltakarane dekka. Om dei må fylle pengar på armbandet, eller noko har skjedd kan du hjelpe dei! Opplæring vil bli gjeve. 

Info og Krambu

Om du likar å hjelpe folk kan du sjå hit! I Info og Krambu kan me bistå med det meste. Om festivaldeltakarane har eit spørsmål, har mista soveposen sin, eller vil kjøpe festival-merch er du personen dei kjem til, så eit løysningsorientert sinn med sans for salsutstilling er ein uslåeleg kombinasjon. 

Velkomst, - avreise- og bussvert

Har du ei positiv haldning, er serviceinnstilt og likar å prate med folk, er dette noko for deg. Denne gruppa syt for å ta godt imot festivaldeltakarane når dei kjem på parkeringa, pakkar i bussane (både når gjestene kjem og når dei reiser heim) og gjev dei ein flott tur frå festivalparkeringa og inn til sjølve festivalområdet. Om du i tillegg likar å prate i mikrofon vil me gjerne ha deg med som guide/bussvert! 

Foto og Media

Bilete, tekst og filmsnuttar - alt er med på gjenskape kjensla av Vinjerock!

Er du fotograf eller berre veldig ivrig amatør? Vi treng mange og  flinke fotografar som fangar dei gode augneblinkane og får fram Vinjerockaren gjennom linsa, enten det er stillfoto eller på film. Har du det vi leitar etter? Då MÅ du melde deg  som frivillig. Vi lovar at du ikkje vil angre!

Fortel gjerne litt og bakgrunnen din og sei i frå om du er mest interessert i å vera med på utflukter/toppturar eller om du heller vil dokumentere stemninga på festivalområdet/i camp i søknaden din. Vi set òg stor pris på om du kan vise til tidlegare arbeide du har gjort slik at vi får eit inntrykk av kva du er drivande dyktig på.

Supert om du kan stille med kamera/utstyr sjølv, vi stiller med låsbare skåp m/ lademoglegheit på festivalområdet.

Merk: Kun et meget begrensa antall plasser.  

Scenearbeidar

Scene, lyd og lys skal riggast opp før festivalen - og ned etter festivalen. Under festivalen hjelper du til på scena under og mellom konsertane, for at programmet skal gå så knirkefritt som mogleg. Aldersgrense: 18 år.

Vennligst oppgi hvilke vakt du er interessert i:

1. Opprigg + nedrigg : Arbeid tirsdag og onsdag før festivalen + nedrigg på søndag

2. Ein tidleg vakt og ein sein vakt under festivalen + nedrigg på søndag 

Artistvert

Nokon må ta vare på dei flotte artistane våre. Som artistvert er du kontaktperson mellom artist og Vinjerock den dagen artisten spelar. Du skal gjere klar garderoben deira, hjelpe til med å halde backstage ryddig heile dagen og sørge for at artisten kjem seg dit dei skal overnatte (med hjelp i frå Transportavdelinga)

Område/Infrastruktur

Vinjerock treng dyktige folk for å lage eit bra festivalområde. Områdegjengen byggjer opp festivalområdet før festivalen, og riggar ned når festivalen er over. Her trengst det folk med godt utvikla praktisk sans, pågangsmot og godt humør, og som ikkje er redd for å arbeide lange dagar.

Det er også behov for mannskap som står for vaktmestertenester under sjølve festivalen.

Skriv inn kva du kan, og kvifor du vil være med. Det er også ein fordel om du skriv på om du kan stille i veka før og veka etter festivalen.

Transport

Festivalen har og behov for driftige sjåførar. Det er mykje varer, utstyr, artistar og folk som skal fraktast til og frå når ein arrangerer festival høgt til fjells. Søkjarar med førarkort klasse D1, D1E og BE blir prioritert. Vennligst oppgi førarkortklassar i din søknad:) 

Søknadsskjema

Søknadsskjema for Vinjerock 2018 opnar medio januar 2018.