Frivillig-FAQ

Her vil du finne svar på nokre av dei tinga du som frivillig kanskje lurar på, mellom anna oppmøtetidspunkt, kva du skal ha med deg, kvar du skal bo og annan relevant informasjon. 

Som frivillig, kor mykje må ein jobbe?

Ein må rekne med å måtte jobbe ein del under festivalen, men vi prøver å leggje til rette for at alle frivillige får ein heil dag fri til å nyte festivalen i si heilheit. Sjølve arbeidsmengda er litt avhengig av kva arbeidsgruppe du søkjer på, men for oss i Vinjerock er det viktig at du som frivillig har ei minst like god festivaloppleving som resten av publikum. Alle får ei god blanding av både jobb og festival! :-)

Kvar skal eg bu under festivalen?

Vinjerock vert arrangert på Eidsbugarden ved inngangsporten til Jotunheimen 1060 moh, så innkvarteringsmoglegheitene er noko begrensa. Du vert difor oppfordra til å ta med eige telt/lavvo e.l. (evt. lån deg eit) om du vil ha tak over hovudet. Det er gratis teltplass til alle i festivalcampen og det finns moglegheiter for å turke klede, ta ein dusj på Fondsbu (det kostar kr. 10,-, så ta med småpeng) og lade mobiltelefonen på fleire ladepunkt på festivalområdet. 

Kvar skal eg møte opp når eg er framme?

Ved ankomst Eidsbugarden vil du finne frivilligmottaket i samme telt som Infoteltet/Inngangsteltet. Me satsar på å opne for frivilligregistering allereie onsdag kveld, nærmare beskjed vil bli gjeve via SMS. 

Kva med festivalarmband?

Festivalarmband til dei frivillige vil bli utdelt i frivilligmottaket ved ankomst Eidsbugarden. Det blir dessverre ikke mulighet for å fylle på pengar på armbandet før ein har registert seg. Meir info om armband her! 

Kva skal eg ta med meg av utstyr? 

Som nemnt er det kjekt med eit telt til husly, eventuelt lavvo om ein vil ha litt betre plass. Alt av mat og drikke kan kjøpst inne på festivalområdet, det vil seie frukost, lunsj og middag. Du vil òg få matbongar til Frivilligteltet når du er på vakt. Det kan være greit å ha med seg litt ekstra mat i campen i tillegg til kokeutstyr og andre friluftsartiklar.

For øvrig er det opp til kvar enkelt kor mykje ein vil dra med seg, men pakk gjerne som om du skal på ein litt lengre fjelltur. Hugs på at vi befinn oss høgt til fjells, og vèret/temperaturen varierar fort og mykje, så hugs ekstra skift og nok varme klede (Ull, dun og vanntette klede/sko er eit godt tips).

Når må eg møte opp og kor lenge må eg vera til stades på Vinjerock?

Som frivillig på Vinjerock må ein som hovudregel møte opp i god tid før fyrste vakt. Det vil seie at har du vakt i løpet av torsdagen så møter du opp torsdag føremiddag. Frivilligmottaket vil vera opent stort sett heile helga.  

Vi reknar med at dei fleste av dykk vil oppleve mest mogleg av festivalen så vi anbefalar at alle møter opp torsdag og blir heilt til sundag. Ein kan sjølvsagt dra før om ein er ferdig med sine tildelte vakter.

Om det krevst heilt spesiell opplæring til gruppa du skal jobbe på så er du sjølv ansvarleg for å møte opp til denne. Dette er individuelt for kvar gruppe, og du får beskjed frå gruppeleiar i god tid på førehand.

Korleis kjem eg meg til fjells?

Korleis du kjem deg til Eidsbugarden vel du sjølv,  men vi oppfordrar til bruk av kollektiv transport/Ubekymra buss eller at ein samkøyrer med andre frivillige. Spør gjerne om nokon har plass frå din heimstad via Facebook-gruppa for alle frivillige.

Når du kjem fram til festivalparkeringa på Tyinkrysset/Filefjell får du gratis parkering og sjølvsagt gratis festivalbuss inn til Eidsbugarden. Bussane vil gå i shuttletrafikk mellom festivalparkeringa og Eidsbugarden frå kl. 10 torsdag føremiddag. Ved vakt tidlig torsdag blir det organisert innkjøyring onsdag kveld. Din gruppeledar gjer nærmare beskjed.  

Noko meir du lurer på?

Om du har fleire spørsmål ut over de du finn svaret på her, ta kontakt på mail under eller spør din gruppeleiar. 


Frivilligsjef Harald Berge
E-post: harald@vinjerock.no