Med 2000-meterstoppane i Jotunheimen som kulisse og innsjøen Bygdin som næraste nabo kan vi love eit festivalområde langt utanom det vanlege på Eidsbugarden. Blant snødekte tindar og krystallklart fjellvatn er det duka for fantastiske musikkopplevingar.

Aasmund Olavsson Vinje vart fødd 6. april 1818 i Vinje i Telemark og døydde 31. juli 1870 på Gran på Hadeland. Og sjølv om han berre fikk oppleve to sumarar på Eidsbugarden er namnet og ettermælet hans sterkt knytta til denne plassen som han «valde etter syn på mange ved Bygdins vestre ende på ein Tange».
I 1860-åra dannar det seg ein vennekrets omkring Vinje - Døleringen vart den gjerne kalla - og frå 1863 dreg fleire stykkjer av dei til fjells i tre til seks veker kvar sumar. Dei kraup inn i kummerlige jaktbuer og var godt nøgde med det.
«Men ettersom eg meir på Alder steig og Foten mindre lett frametter seig, so laut eg sveiva meg og snu at eg i Jotunheimen fekk ei bu, der eg ein Maanads tid kan leva vel og styrkja millom Fjellom Skrott og Sjel»
(Frå Pantebrevet, A. O. Vinje)
I 1868 sto Eidsbugarden til Aasmund Olavsson Vinje ferdig. Den vart bygd av Engebret Beito frå Beito. Tømmeret vart frakta med båt over Bygdin fra aust, og dette var også den vanlege adkomsten til Bygdins vestre ende.
Pantebrevet er eit pant til konsul Thomas Heftye - på rim. Vinje var ingen rik mann og han måtte låne pengar av konsul Heftye til å reise Eidsbugarden sin. Slik gjekk det til at Heftye overtok Vinjes bu etter hass død i 1870. På dødsleiet drøymer han om Eidsbugarden:
«Kann du minnast utsynet fraa Skjeneggi den morgonen, du, daa den kvite skodda dreiv burt imillom Skagastølstindane, og Koldedalsbreane lyste som gull i solglansen. Aajeie, aajeie, at eg inkje skal koma dit i sumar!»
«Men naar eg no er lagd i kista, so vil mi aand slaa upp sin heim deruppe milliom fjelli. Og so vil eg sitja der paa Falketind og sjaa ut yver Noreg, og Fjellradirne skal stiga fram..»
Men to sumarar tilbrakte han her; den fyrste med sine tre gode vener Berner, Boll og Sars - dei streifa lykkelege omkring i fjellområdet rundt Eidsbugarden. Og Skjeneggi var Vinjes favorittstad. Sumaren etter var han på bryllupsreise med sin nygifte kone Rosa Constance Sophien Kjeldseth til Eidsbugarden. Det vart hans siste sumar. Og også hennes. Ho døydde i barselseng den 5. april 1870 - dagen før Vinjes 52-årsdag. Og den 31. juli same år tok magekreften Vinje - han kom aldri lenger mot Jotunheimen enn til Søsterkirkene på Gran på Hadeland, der han ligg gravlagd.
Frå 1870 og utover skaut turisttrafikken fart. Den Norske Turistforening vart stiftet i 1868 og allereie i 1870 står den første DNT-hytta Tvindehaugen ferdig ved Tyin. Den tok i mot turistar fram til 1901, men vart då reven. Tømmeret fra hytta på Tvindehaugen vart flytta, og er i dag delar av Torfinnsbu Turisthytte som vart opna i 1905.
Etter Vinjes død blir Eidsbugarden også overnattingsstad, og er opprinninga til det noverande Eidsbugarden Hotell. Eidsbugarden Hotell var eit av die mest fasjonable høgfjellshotell i landet. I hotellets store glansperiode med herrene i smoking, eller til nød mørk dress, og damene i aftenkjolar og strutsefjær vart «Den Glade Vandrer» bygd for å huse «pøsafanten» eller ryggsekkturisten. I dag heiter denne hytta Fondsbu, og er DNT-hytte sidan 1993.

Vinjebua er flytta ut av hotellet og står i dag på ein tange litt vest for hotellet. Og fjellturistane kjem som dei har gjort sidan slutten av 1800-talet.
Informasjonen er henta frå fondsbu.no.

