Agalaus festivalmat

God, kortreist mat, laga av lokale råvarer, og eit raust tilbod anten du er vegetarianar eller har matallergi. Uansett behov, skal du sleppe å gå svolten på årets Vinjerock

Vi følgjer opp suksessen frå fjoråret og satsar, så langt råd er, på lokal mat og lokale råvarer, seier Johan Tidemand-Johannessen. Han er ansvarleg for mat og drikke på festivalen. Frukt og grønt legg han også vekt på.

- Men det blir dyrka for lite salat, paprika og tomatar i Valdres, så det må vi «importere», smiler han.

Både tidleg og seint

Frukost, middag eller nattmat? Frå tidleg morgon til seine kveld – for ikkje å seia langt på natt – same kva tid du blir svolten, er det mat å få. Og Johan Tidemand-Johannessen forsikrar at du heller ikkje treng å tørste. Han lovar rikeleg med drikke av ymse slag, både med- og utan skumtopp.

Kjøkensjef Johan og hans kjære fru, Gro, har snudd på kvar einaste godbit for å diske opp knallgode rettar til deg som kjem til fjells i år. Med seg på laget har dei også hatt Eivind Hålien, som er Noregs eigen matambassadør i Nordisk Råd (og ikkje minst har han røter i vakre Vang!). Dette har gjort sitt til at årets matmeny toppar alle tidlegare rekordar når det kjem til matlyst på fjelltur!

Årets matmeny er ikkje klar enno, men her ser du kva vi baud på i 2009:

FRUKOST

Realt frukostbord, frå 9 til 12 (70,-)
Ferskt brød, pålegg, graut, kaffe/te, mjølk/juice.

SMÅSVØLTIN - RETT I HANDA

Hellekake i lompe (30,-)
Saftig oksekarbonade frå Helle – Valdres’ lokale slakteri, servert i potetlompe frå Valdres Bakst, med rumme og tyttebær.

Hjortekake i lompe (30,-)
Saftig hjortekarbonade frå Jørstad Hjort - hjortefarm i Valdres, servert i potetlompe frå Valdres Bakst, med rumme og tyttebær.

Fjellgrill i lompe (30,-)
Helles eigen pølse med kryddersmak frå høgfjellet, servert med rumme og tyttebær, eller sennep og ketchup om du ynskjer det.

GREPA SVØLTIN

Fjelltalik (70,-)
Hellekake og Fjellgrill, servert med vår eigen kålsalat med mykje smak, tyttebær og potet.

Hjortetalik (70,-)
Saftige hjortekarbonadar frå Jørstad Hjort  - hjortefarm i Valdres, servert med vår eigen kålsalat med mykje smak, tyttebær og potet.

Baka Vinjepotet (60,-)
Baka potet servert med smør, rumme, mais, skinke og ost.

Madame Therese Bertheaus bønnegryte (70,-) (vegetar)
Bønne- og grønsakgryte, servert med brød og salat.

Catharina Kølles linsegryte (70,-) (vegetar)
Linse- og grønsakgryte, servert med brød og salat.

Frå andre sia tå verda (70,-)
Nasi Goreng - Risgryte med kylling og grønsaker, steikt med gode smakar på indonesisk vis.

Nattvarmar – også kalla Chili con carne (70,-)
Servert med brød, rumme og eit dryss av grønt.

AGALAUST SVØLTIN - DUGELEG MIDDAG

Aasmunds favoritt (90,-)
Gryte med fjellsmak, laga av storfekjøt og rotgrønsaker, servert med potet, rumme, tyttebær og flatbrød.

Kong Haakons lammelår (90,-)
Møre lammelår i skiver, servert med vår eigen tomat- og grønsaksaus og potet.

Svinaktig gøtt (90,-)
Spareribs, servert med grillsaus, potet og vår eigen kålsalat med mykje smak.

BESTEMORBANDEN SERVERER

Majel (kun laurdag ettermiddag) (70,-)
Valdres’ heilt eigen rett – ei suppegryte som liknar noko på ertesuppe, men sjølvsagt med betre smak! Med ein snittalder på kring 80, har bestemorbanden lang erfaring i koking av denne ”nasjonale” retten. Tilbehør er flatbrød frå Valdres Bakst. Dette kan du ikkje gå glipp av!

AASMUNDS KAFFEBAR (OPE 12-20)

Go'kar blings (40,-)
Eit kjemperundstykke fylt med teltets eige baconsurra kjøtbrød fylt med mykje godt. Serverast med grov sennep, råkostsalat og sylteagurk.

Fjellgeit blings (40,-)
Eit kjemperundstykke fylt med salat og Fjellbygda Beitos milde, kvite geitost. Det heile er toppa med ruccola, balsamicosirup og valnøtter.

Classic rock (30,-)
Handbrød med kokt skinke, ost og agurk.

Skudshødn (30,-)
Spekeskinke og ruccola pakka inn i lefse frå Valdres Bakst, smurt med Snøfrisk.

Bukkehødn (30,-)
Fjellbygda Beitos Bukkehornskløverost, paprika og salat pakka inn i lefse frå Valdres Bakst.

Vinjevaflar (25,-)
Servert med rumme og syltetøy, eller brunost.

I kaffebaren blir det sjølvsagt også mykje god kaffe, men det kjem vi attende til :-)

Vi har i tillegg eit avgrensa utval av glutenfrie produkt for dei som må ha det. Ta i såfall ein prat med kjøkenet når du kjem til fjells!

Bon apetit, hiv innpå!

Frivillig
Vil du hjelpe oss med å stelle i stand sumarens store høgdepunkt i fjellheimen?
Les meir
Presse
Pressebilete, pressemeldingar, logoar osb. - det finn du ved å klikke deg inn her!
Les meir
Tur
Vinjerock handlar om mykje meir enn berre musikk og øl. Bli med oss ut i naturen!
Les meir
DNT
bergans
bufar
elektromontasje
fondsbu
friflyt
jotunheimen
kulturrad
linkbingo
nationen
nystue
oppland
retura
tentipi
tyinfilefjell
valdres
vang
vangspb
vautoservice
Billettservice
Facebook
Valdres

get flash!

toppbilde12.jpg
Artistar