Du skal storkose deg på Vinjerock! Anten du er gamal eller ung, roleg eller vill, svolten eller mett skal vi gjere vårt beste for at du trivst til fjells. Vi tek sikkerheit og sanitet på alvor, for å skape trygge rammer rundt festivalopplevinga di!
Under festivalen er Voss Security leigd inn for å ta vare på sikkerheita til festivaldeltakarar og artistar. Dei vil hovudsakelig konsentrere seg om sceneområdet og serveringstelt, men også pendle noko rundt ellers på festivalområdet. I tillegg vil det vere fleire frivillege som passar på at det folk tek vare på kvarandre og naturen.
Sikkerheitsansvarleg Marius Waagaard fortel at det viktigaste vil vere å sørge for at alle har det bra, og tviler på det blir mykje uro.
– Bråkmakarene gidd ikkje dra langt inn til fjells for å lage kvalm, her finn ein nok først og fremst musikk- og friluftsinteresserte, seier han.
Informasjon om aldersgrensene finn du på billett-sida.
Ta kontakt med sikkerheitssjef Marius på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen om du lurer på noko!
Vinjerock skal tilby rock'n'roll og andre sprell for alle som ein, og tilgjengelegheit er eit viktig satsingsområde for festivalen.
Mellom anna blir det tilrettelagt rullestolvennlig camp i nærleiken av Fondsbu, og rullestolplattform sikrar upåklageleg rocke-utsikt framfor scena. Har du spørsmål så kan du ta kontakt med områdesjef Endre på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen :-)
