Å byggje hytter for festivalpublikummet til Vinjerock er tanken bak det nye hytteprosjektet «Ludolia» i Vang.
Jakta er over og vi kan endeleg annonsere vår nye festivalsjef. Til felles med namnefaren vår, Aasmund O. Vinje, kjem karen frå Telemark. No pakkar John Olav Hovde snippsekken og tek turen til fjells for å styre Vinjerock mot nye høgder.
Du kan bestemme korleis dei nye hyttene i «Ludolia» skal sjå ut, og når du opp i toppen risikerar du å vinne både festivalpass til Vinjerock og tidenes helgetur til Vang!
I anledning Valdresdagen slår Vinjerock, Trollrock og Jørn Hilme-stemnet på stortromma og serverar festivalpublikummet «Månelanding på Månefisken».
Festivalsjefen vår skal ta fatt i nye utfordringar og dermed er Jotunheimens festligaste jobb ledig!
Den nord-irske indierock-trioen begeistrar og imponerar publikum over heile verda. No tek dei turen over Nordsjøen og opp i fjellheimen!
Han er visesongaren som får klumpen i halsen til å vokse, men samstundes lurer fram smilet. Dei er eit av Noregs beste liveband. På Vinjerock entrar dei scena saman!
Dei er ikkje søte, sure eller bitre - men eksotiske og smakfulle!
Mang ein Vinjerockar har venta lenge på at han skal ta turen til fjells! Vi presenterar spelemannen frå Gøteborg- Håkan Hellström!
Finn fram surfebrettet og lommetørkledet, og gjer deg klar for både ellevill 60-tallsrock og tårevåte tonar. Vinjerock presenterer Hvitmalt Gjerde og Torgeir Waldemar!
Vi stikk handa inn i bikuba og presenterar Honningbarna!
Gutane frå Kristiansand har dei siste tre åra gjort seg bemerka, både i inn- og utland, og med titlar som «Årets Urørt» og ein Spellemann i bagasjen kan publikum gjere seg klare til å rocke!
Lite høver betre på Vinjerock enn musikk frå Vinje! Mange har venta tålmodig på at Odd Nordstoga skal entre scena på Eidsbugarden, og i år skal det skje.
Det er duka for ein heilt spesiell samarbeidskonsert på Vinjerock 2013. Bigbang og Valkyrien Allstars slår sine traltar saman for å gje fjellgeitene på Eidsbugarden ei konsertoppleving av dei sjeldne.
Klokka 09:55 vart dei fem fyrste artistane lansert på Facebook. Klokka 10:00 starta salet av festivalpass. Klokka 10:02 var Vinjerock 2013 utseld!
Laurdag 1. desember klokka 10:00 går startskotet for billettsalet til Vinjerock 2013! Nytt av året er blant anna eit papirlaust alternativ med billett på mobilen. I fjor vart alle festivalpassa utselde på 3 timar og 13 minutt. Er du klar i år?
Endeleg er den her, minidokumentaren om Vinjerock 2012. Sogndalsfirmaet Falkeblikk har filma og klypt samen tre eventyrlege dagar til fem små minutt. Len deg attende og nyt denne, medan du ventar på billettsleppet laurdag 1. desember.
Dei to siste vekene har heile 414 Vinjerockarar evaluert oss via det nettbaserte spørjeskjemaet vårt. Tusen takk for alle bidrag, og tusen takk for alle gode innspel! Her oppsummerer vi - og svarar på - nokon av attendemeldingane me har fått.
Var du på Vinjerock i år? Då vil vi gjerne veta korleis opplevinga di var, og håpar du vil bruke fem minutt av tida di på å fylle ut evalueringsskjemaet vårt. Om du vel å leggje att kontaktinfo på slutten av evalueringa er du også med i trekninga av to festivalpass til 2013.
18.-21. juli 2013 går det neste festivaleventyret på Eidsbugarden av stabelen. Billettane blir lagt ut for sal laurdag 1. desember klokka 09:00. Er du klar?
Det er eit syn av dei sjeldne når nærmare 90 tomannslag hiv seg ut i kampen om sigeren i Vinjerock:Multisport. I løpet av tre timar er det om å gjere å vera innom - og meistre - flest mogleg av postane rundt Eidsbugarden. Her er resultatlista frå årets store orienteringsbonanza!
UTE journalistcamp-deltakar Iselin Næss deltok på turen
til Uranostind fredag 21.juli. Lyst til å vite korleis det gikk?
Fyldig turrapport finn du her!
Med 5,5 plussgrader i vatnet er Bygdin i kaldaste laget for dei fleste. Men isbadarane i Rinsarlauget hoppar gladeleg i vatnet. UTE journalistcamp-deltakar Berit Urke tok ein prat med gutane bak Vinjerocks ivrigaste badarar.
UTE Journalistcamp-deltaker Ida Eri Sørbye deltok i dagane før Vinjerock på tindeturen inn mot festivalen på Eidsbugarden. Med start på Valdresflya sleit ho seg opp ti 2000-metrar i løpet av to dagar. Her får du turen gjennom Ida sine auge.
Etter månader med førebuingar og planlegging er vi klare. Om få straksar er Vinjerock 2012 i gong - med eit fullspekka program som vi vonar vil smake dykk bra!
Har du tatt eit herleg bilete av kompisen din som rockar foran Store-Vinje? Laga verdas flottaste måltid på primusen? Fått eit skikkelig blinkskot påfjelltur? Då er fotokonkurransen vår noko for deg!
Gjengen bak Grindafjell sel til vanleg hyttetomter i fjellsida oppunder Grindafjellet i Vang. Som ny samarbeidspartnar med Vinjerock tek dei viktigheita av kosen på alvor, og inviterer til ludocup i Vinjeparken i helga. Vinnaren stikk av med fire festivalpass til Vinjerock 2013!
Mang ein Vinjerockar har lagt merke til heltane på «gratishaugen». Dei med kanskje den trivelegaste campen - der det er mykje hjarterom og plass til alle på nachspiel. Camp KosaSeg lev ut det Vinjerock handlar om: Å kosa seg. Me tok ein prat med ein av grunnleggjarane, Rune Skogheim, for å finna ut korleis i all verda det går an å kosa seg SÅ mykje!
Ja, du leste rett. I samarbeid med Mack, Kinn Bryggeri og Valdres Gardsbryggeri byr vi på totalt 15 øltypar frå dei ulike barane våre til helga! Og ikkje nok med det: To av dei er spesialbrygga, og vil kun bli å finne på årets Vinjerock.
Om du vil ta ein eller sju er opp til deg, men vi har i alle fall samla dei sju beste og enklaste tindeturane med utgangspunkt frå Eidsbugarden. Og kjem du deg til topps på ein eller fleire er du med i trekninga om festivalpass til Vinjerock 2013.
Det er duka for høg temperatur under lavvoduken på Vinjerock i år! Platesnurring er stikkordet, og Aasmunds Diskobar heiter konseptet. Alt frå morgondagens funky house til 80-talets mest syndige guilty pleasures har funne vegen til fjells saman med 5 ulike platesnurrarar, deriblant sjølvaste Ralph Myerz.
Kva skal ein pakke med seg? Er det lov med hund? Kort eller kontant? Bikini eller boblejakke? Spørsmåla er mange blant Vinjerockarane om dagen, og difor har vi laga ei aldri så lita oppsummering med harde fakta til deg. Om du skal lese ein sak på heimesida vår i år bør det vera denne.
Kalde Vinjerockarar treng varme dråpar, og dei finn du i mange variantar i Aasmunds Kaffibar. Tradisjonen tru stiller Fairtrade opp også i år. Her diskar dei opp med dei lekraste kaffikoppane du kan tenkje deg, og best av alt - du kan drikke kaffien med godt samvit.
Vedtaket av miljømålet om å bli ein papirlaus festival utløyste ei jakt etter andre måtar å informere publikum på rockefestivalen. Neste helg blir det WiFi på Eidsbugarden, etter at festivalen har inngått samarbeid med Eidsiva Bredbånd.
Lurer du på kva som er favorittlåtane til Ragnar Hovland? Eller kven som luskar seg ut frå framande telt tidleg på morgonen? VinjeFM fangar festivallyden. Når VinjeFM inntek Lavvoscena står underhaldning og informasjon i høgsetet, alt gjort med glimt i augo og gylne dråpar i glaset.
God, kortreist mat, laga av lokale råvarer, og eit raust tilbod anten du er kjøttetar, vegetarianer eller har matallergi. Uansett behov skal du sleppe å gå svolten på Vinjerock. - Vi følgjer opp suksessen frå tidlegare år og satsar, så langt råd er, på lokal mat og lokale råvarer, fortel matsjef Magnus Lajord.
Oppmodinga frå vår eigen miljøsjef, Marit Lajord, er klar: Ekte Vinjerockarar tenkjer miljø og ryddar opp etter seg! Det vankar klemmar på dei som sorterer søpla si, men tek du for lett på det kan det godt hende du får ein skjennepreken av jenta som styrer den grønaste gjengen i Jotunheimen.
Med god hjelp frå mellom anna Valdresbiblioteka har Vinjerock dei siste åra kunna tilby litterære gleder på festivalområdet. I 2010 tok vi det heile eit steg vidare, og hadde forfattarar på vitjing - med Vinjestøga som base for høgtlesing og god gamaldags bok-kos. Tradisjonen tru blir det meir kos i år.
Lagt att soveposen? Mista fjellskoa? Fått hol i favorittlestane frå bestemor? Ikkje fortvil. Du finn nestan alt du måtte trenge i Intersport sitt salstelt på Jotunheimen Beach.
Vinjerock har inngått samarbeid med den islandske musikkbutikken gogoyoko, som tek med seg tre band på luftetur over Nordsjøen: Agent Fresco, Tilbury og Snorri Helgason er alle klare for årets festival på Eidsbugarden.
Er du litt over gjennomsnittet interessert i foto, ekstreme turar og menneske som lev litt «på kanten»? Då kan du glede deg til foredraga på Vinjerock. Alfa Sko og Hvitserk gjev deg tre perler på ei snor: Yngve Ask, Aleksander Gamme og Sigrid Henjum!
Jotunheimen er meir enn Eidsbugarden og Vinjerock. Utvid horisonten og bli med på fjelltur før eller etter festivalen! På menyen står to kremturar: Den eine langs fagre Bygdin på veg til Vinjerock, og den andre i betydeleg mindre utforska fjellområder i Vang i dagane etterpå, med kurs for Jaslangen og fjellkonserten til Jørn Hilme-stemnet.
Festivalbuss tur/retur Oslo, Trondheim og Bergen. Lunsj inkludert. Garantert køfritt. Garantert billegare enn alle andre transportalternativ, og ein skokk med andre glade Vinjerockarar som reisefølge. Er det eigentleg noko å lure på?
Bak kvar einaste festival på Eidsbugarden ligg det meir enn 15 000 dugnadstimar, gjennomført av nær 500 frivillige. No i sankthanshelga var fleire enn 150 av desse samla til kurs og kos i Vang, på årets utgåve av Vinje Rockehøgskule. Bildegalleri i saka!
Nokre minutt etter at Aasmunds Krambu vart lansert i går kveld synte loggen meir enn 1000 samtidige kall mot nettbutikken. Over 400 ordrar vart plassert dei fyrste timane, og blant dei største favorittane var Lavvotell, Uranostinden, kiting, elvepading og klatring.
Vinjerock og nettbutikken Barbershop skal i samarbeid kåre «Årets skjeggebuse 2012» under sumarens festival. - Stil og kreativitet tel like mykje som kvantum og lengde, slår juryleiar Andreas Doppelmayr fast.
Den same dagen som fjellrockarane på Eidsbugarden pakkar ned teltet går startskotet for det tradisjonsrike folkemusikkstemnet på Fagernes. I år skal dei to festivalane samarbeide om både turar, kurs og konsertar. Med på laget er også det lokale plateselskapet ta:lik.
Kva med å plukke med seg ein 2000-meters topp eller åtte på vegen inn til Vinjerock? Det får du alle moglegheiter til denne sumaren. Vang Turlag og lokale guidar klaskar nemleg til med tidenes førfest for Vinjerockarane.
I påska kan det opne seg moglegheiter for dei som manglar festivalpass til årets Vinjerock. Påskeharen har nemleg varsla sin ankomst til fjellheimen øvst i Valdres, med sekken full av påskeegg til dei som er klare for ta i bruk ski, truger eller fjellsko for å bli med i jakta.
Bandet som stod bak «Årets låt 2011» i nabolandet kjem til Jotunheimen. Sjumannskollektivet «Den Svenska Björnstammen» ramla ut frå skogane ved Norrköping med eit brak i fjor, og gjorde storeslem når svenskane skulle heidre sine eigne tidlegare i vinter. No kjem dei til Eidsbugarden. Det gjer også bassist og «wonderwoman» Maya Vik.
- Det blir alltid fest med ein eksentrisk svenske på plass, slår festivalsjef Eirik Høyme Rogn fast. Torsdagskvelden på Vinjerock brakar det laus med heile seks av dei på scena samstundes. Eit av Sveriges største band er klare for fjellfestivalen i Vang, og med på fjellturen blir også Casa Murilo, Violet Road og Cazadores.
Rockens høvdingar i Noreg er klare for fjelltur, og skal avslutte laurdagen på årets utgåve av Vinjerock. - Det soleklart mest etterspurde bandet kvart einaste år, fortel festivalleiar Eirik Høyme Rogn.
For 3. gong inviterer Bergans deg med på «Ekstrem Turglede»-tur til Vinjerock. Vinnarane som blir plukka ut blant søkjarane får blant anna ein minnerik tur gjennom Jotunheimen, klede og utstyr for 10 000 kroner og sjølve prikken over i'en: Endestasjonen er Vinjerock 2012, med alt det fører med seg.
Påska 2011 stifta Vinjerock og Vang Sparebank samvirkeføretaket Innovangsjon SA. Samvirket har som formål å gjere Vang kommune levedyktig for framtida, gjennom å jobbe med trivsel, integrering, næringsutvikling, bustadsutvikling og marknadsføring av Vang. No skal to fulltidsengasjement tilsetjast - ein Innovangsjonsminister og ein næringsutviklar. Kanskje ein ekte Vinjerockar er den rette for jobben?
Saman med Sondre Lerche, El Cuero og Bare Egil Band. Fire nye band er altså klare for det sjette kapittelet av festivaleventyret på Eidsbugarden. Omparock frå Jæren, gladrock frå Bergen, køntri frå Kristiansund og rockehumor frå Oslo Aust står på programmet under Vinjerock 2012.
For å kunne gjennomføre Vinjerock treng vi kvart år over 400 frivillige. Ynskjer du å søke om å bli ein del av vertskapet i 2012 må du gjera det seinast den 1. mars, men inntaket blir gjort fortløpande på nyåret. Med andre ord: Søk før det er for seint!
Ved midnatt vil alle reserverte billettar som ikkje er avhenta bli lagt ut att for sal på billettservice.no. I skrivande stund er ein del billettar enno ikkje avhenta, men mykje kan framleis skje før laurdagen blir til sundag. Uansett: Dette vil vera aller siste moglegheit til å sikre seg ein billett til Vinjerock 2012.
Klikk her for å gå til Vinjerock sine billettsider på Billettservice.
Dei sju fyrste artistane til neste års Vinjerock er no klare. På lista finst blant andre Jonas Alaska, Montée og Rumble in Rhodos - i tillegg til ein eksklusiv Staut-konsert. På lista står også Ila Auto med eit spesielt prosjekt, samt Fagernes Yacht Klubb (biletet) og Ugle.
3 timar og 13 minutt var tida det tok før 3 000 festivalpass til Vinjerock 2012 hadde skifta eigar. I fjor tok det fem måander, og året før vart festivalen utseld veka før den byrja. Det er eigentleg berre ein ting å seie: Tusen, tusen takk for tilliten! Vi lovar å stå på alt vi maktar for å gje dykk den opplevinga de håpar å få - med meir attåt.
Vi har brukt hausten på å svinge penselen, og kan med dette stolt presentere Vinjerock i ny drakt. Ei ganske fargerik ei. Det har nemleg vore mantraet for heile prosessen: Å formidle at Vinjerock set farge på fjellheimen.


















