Forrykande start på billettsalet

Billettane til årets festival på Eidsbugarden flyg unna i rekordfart. Vi har no seld like mange billettar som vi hadde seld 26. juni i fjor (!). Og då vart festivalen utseld to veker i forvegen...

Det høyrer også med til historia at vi sel færre billettar i år enn i fjor, for å skape ein enno meir intim festival. Vi er utruleg takksame for tilliten frå dei som allereie har kjøpt, og lovar å stå på beinhardt for gjere investeringa vel verdt kvar einaste krone :-)

Og til alle dykk som sit på gjerdet og ventar: Ikkje sit der for lenge! Det var det mange som gjorde i fjor, og same kor gjerne vi skulle sagt ja til alle som ville til fjells må vi dessverre skuffe alle som er for seint ute. Utseld betyr utseld.

Vi jobbar for tida med å skaffe headliner til fredagen, og håpar å kunne avsløre kven det blir i løpet av få veker. Vi kryssar fingrane medan vi ventar på svar frå her og der, og gler oss stort til å fortelje dykk kva det blir etter kvart.

Om berre 181 dagar står vi atter ein gong under sumarsola (ja, for det blir sol) på Eidsbugarden, til nye store opplevingar. Vi kan mest ikkje vente til å sjå dykk alle attende på fjellet! :-)

Info om billettkjøp finn du her!

Del
Frivillig
Vil du hjelpe oss med å stelle i stand sumarens store høgdepunkt i fjellheimen?
Les meir
Presse
Pressebilete, pressemeldingar, logoar osb. - det finn du ved å klikke deg inn her!
Les meir
Tur
Vinjerock handlar om mykje meir enn berre musikk og øl. Bli med oss ut i naturen!
Les meir
DNT
bergans
bufar
elektromontasje
fondsbu
friflyt
jotunheimen
kulturrad
linkbingo
nationen
nystue
oppland
retura
tentipi
tyinfilefjell
valdres
vang
vangspb
vautoservice
Billettservice
Facebook
Valdres

get flash!

toppbilde22.jpg
Artistar