Dagens artistslepp: Skambankt

Jeppda! Breibeint tungrock frå Jæren er dagens førjulsgåve frå oss til deg (og litt til oss sjølve òg). Skambankt hoppar i fjellskoa og tek den lange ferda til Eidsbugarden fredag 23. juli 2010!


Historia byrja allereie i 1994, då bandet vart starta ved ei tilfeldigheit for å erstatte eit band som ikkje kunne stille på ein konsert. Gjengen i Skambankt tromma saman nokre låtar på rekordtid, og gjorde sin fyrste konsert. Etter dette vart det nokre sporadiske spelejobbar eit års tid, før dei ga seg i 1995.

Ti år seinare var det derimot fart på sakene igjen, og debutalbumet Skambankt kom i 2004. Skambankt hadde no vorte eit sideprosjekt for frontfigur Terje, som også speler i Kaizers Orchestra. Sidan den gong har det kome to nye album; Eliksir i 2007 og Hardt Regn i 2009.

Og det viktigaste av alt: Vi snakkar om eit fantastisk liveband! Skambankt gjev deg akkurat passe mykje trøkk i magen, akkurat passe mykje rykk i rockefoten, akkurat dei rette riffa som festar seg i hjernebarken. Oppsummert: Akkurat det du treng for ein framifrå festivalkveld på Eidsbugarden!

Då er vi snart ferdige med denne veka... følg med i morgon :-)

#3
Eirik
29-12-2009 19:08
Kremt... godt poeng :-)
#2
Ragnhild
29-12-2009 19:03
Fredag 22. juli 2010 eksisterer ikke. Er det torsdag 22 eller fredag 23 dere mener?
#1
Trygve
21-12-2009 10:23
Skambankt i fjellheimen blir så enormt bra!
Del
Frivillig
Vil du hjelpe oss med å stelle i stand sumarens store høgdepunkt i fjellheimen?
Les meir
Presse
Pressebilete, pressemeldingar, logoar osb. - det finn du ved å klikke deg inn her!
Les meir
Tur
Vinjerock handlar om mykje meir enn berre musikk og øl. Bli med oss ut i naturen!
Les meir
DNT
bergans
bufar
elektromontasje
fondsbu
friflyt
jotunheimen
kulturrad
linkbingo
nationen
nystue
oppland
retura
tentipi
tyinfilefjell
valdres
vang
vangspb
vautoservice
Billettservice
Facebook
Valdres

get flash!

toppbilde48.jpg
Artistar