Publisert 16. desember 2009 kl 11:00 av Eirik Høyme Rogn
Årets mest dansbare nachspiel på Vesle-Vinje blir skipa av fire unge karar frå Bergen by. The New Wine har nemleg teke på seg oppdraget med å sikre at Vinjerockarane dansar seg heile vegen attende til soveposen fredag kveld.

Historia om bandet går berre eit par år attende, men i staden for å bruke energien på plateinnspeling har desse karane lagt ned innsatsen i å bli eit solid liveband. Og det har dei vorte til gangs! Det er fleire i festivalleiinga som framleis slit med kronisk rockefot etter å ha opplevd The New Wine på Blæst og Parkteatret no i vinter...
Det høyrer med til historia at eit album no er undervegs, og etter ryktene kjem det like etter påske. Vi gler oss stort til det, og vi gler oss enno meir til å hive oss med i dansen under lavvoduken i sumar!
Meir krutt kjem i morgon :-)



800 gonger hurra for Ingrid!
22. februar 2010
Fire fantastisk fine til Vinjerock
18. februar 2010
Bli med Bergans på tur til Vinjerock
29. januar 2010
Vinjerock best på Fairtrade!
27. januar 2010
Forrykande start på billettsalet
21. januar 2010
Dagens artistslepp: Staut
18. desember 2009
Dagens artistslepp: Skambankt
17. desember 2009
Dagens artistslepp: The New Wine
16. desember 2009
Dagens artistslepp: Ingrid Olava
15. desember 2009
Dagens artistslepp: Navigators
14. desember 2009
Gåte kjem til Jotunheimen!
12. desember 2009
Store ting er i gjære!
11. desember 2009
Ølvøtt-pakkene utseld på 10 minutt!
08. desember 2009
68 festivalpass med eksklusiv «ølvøtt» på kjøpet!
06. desember 2009
Boye fekk jobben!
04. desember 2009
