Publisert 12. desember 2009 kl 07:00 av Eirik Høyme Rogn
Endeleg har vi fått det til! Høge tindar, trolske jotnar og fjellsko var formelen som måtte til for å få lokka Gåte attende på scena. Laurdag 24. juli 2010 skal dei trollbinde publikum på Eidsbugarden!

Gåte var det fyrste bandet vi drøymte om å få sjå på Eidsbugarden, men dessverre la dei instrumenta på hylla før vi skreiv det fyrste kapittelet av vår festivalhistorie. I haust greide derimot studentfestivalen UKA i Trondheim å få samla dei til ei gjenforening, og det med kjempesuksess. Ikkje berre var publikum tilfreds, men også bandet hadde funne tilbake til den gamle kjemien, og etterpå byrja dei å fable om å gjere ein mikroskopisk sumarjobb i 2010.
– Når vi sat og tenkte over dette var Vinjerock den fyrste festivalen vi noterte på blokka, fortel bandets manager Per Tronsaune. – Vi gler oss rått til å spele midt i Jotunheimen, blant dei kolossale kulissane som jotnane sjølv skapte.
Vi kan bekrefte at det er fleire enn berre bandet som ser fram til dette. For oss i festivalleiinga er dette ein draum som blir realitet, og vi gler oss infernalsk til å stå saman med dykk alle framfor scenekanten til ein og ein halv magisk time i fjellnatta!
Og for å feire denne fantastiske førjulsgåva har vi bestemt oss for å sleppe namnet på ein ny artist kvar dag i neste veke. Gled dykk :-)
Billettsalet startar i dag klokka 10:00!



Tipp topp kunstauksjon - runde 2 i gang!
07. september 2010
Auksjonen er i gang!
01. september 2010
Kunstnariske smakebitar
31. august 2010
Auksjonen byrjar 1. september!
18. august 2010
Kva synes du om årets Vinjerock?
10. august 2010
Vinjerock 2010 i bilete
09. august 2010
Resultatlista frå Vinjerock:Multisport
03. august 2010
Litt praktisk på tampen...
20. juli 2010
Litteraturtilskot i festivalfloraen
19. juli 2010
Gløymt noko? Null stress!
18. juli 2010
Oppriggen er i gang!
17. juli 2010
Vi lanserer Vinjerockfondet
16. juli 2010
Ledige plassar på kurs og turar - OPPDATERT
15. juli 2010
Alfa spanderer!
15. juli 2010
Nam-nam festivalmat!
14. juli 2010
