Intellipay betalingsarmband

Vinjerock nyttar den elektroniske betalingsløysinga Intellipay. Dette betyr kortare køar og kjappare betaling for deg som festivalpublikummar!

Registrera armbandet?
Gå inn på https://vinjerock.pay.intellifest.com.

Betaling med RFID-Armbånd!

Me nyttar betalingsløysinga Intellipay, der RFID-brikka på armbandet ditt tek over for tidlegare betalingskort. Armbandet har du anten fått tilsendt med post på førehand, eller du får henta det ved inngangen til festivalområdet på Eidsbugarden. For å få vere med festivalbussane inn frå parkeringsplassen, må du vise armband eller billett, og evnt. moderasjonsbevis. Hugs også å ha med deg legitimasjon.

Inne på profilen din kan du fylle opp med pengar, sjekke kjøp, stille inn automatisk påfyll av pengar, laste ned kvitteringer, deaktivera mista armband (men det vil jo ikkje skje!), poste bilete frå festivalen, søke om refusjon av resterande beløp og meir til!

Med andre ord ber du «lommeboka» rundt handleddet og slepp å passe på eit kort heile tida. 

Kva skjer om eg ikkje har fått armbandet i posten?
Ta med deg kopi av billettane, ID og eventuell fullmakt/kjøpskontrakt (Om du har kjøpt billettane av nokon andre), så ordnar me nye armbånd når du kjem til Eidsbugarden.

Har du mista eller øydelagt armbandet?
Det er mulig å få utstedt nytt armband på Eidsbugarden (gebyr på kr 200,- kjem i tillegg).

Dette ordnar du ved inngangen til festivalområdet på Eidsbugarden frå torsdag formiddag.

Korleis registrer du deg?
Gå inn på https://vinjerock.pay.intellifest.com.

Klikk på «Registrer din konto her» eller kople til med Facebook. Følg deretter instruksjonane på skjermen og fyll ut naudsynt informasjon. Me rådar deg til å kople saman med Facebook, då det som regel tek kortare tid!

No har du din eigen konto! Om kort tid skal det dukke opp ein e-post i e-postkassa di.

Korleis registrerer eg armbandet mitt? 
Du kan registrere armbandet ved å gå inn på «Mine armband» øvst på sida og deretter velje «Eg har armband». Tast inn dei to talkombinasjonane som står på baksida av chipen på armbandet ditt og du er registrert. Sikkerheitskoden er nummeret med fem siffer nedst på chipen, medan armbandsnummeret står på dei to øvste linjene og består av 16 siffer. OBS! Dette fungerer kun for dei som har fått festivalarmbandet tilsendt på førehand. 

Slik ser baksida ut:

RFIDchip 2015

 

Kan eg opprette ein konto sjølv om eg ikkje har armbandet?
Ikkje noko problem! Men du får ikkje fylt på pengar på kontoen før minst eit armband er knytta til kontoen. Me oppfordrar alle til å registrere seg på førehand. 

Påfylling
Det vil vere mogleg både å fylle på kontoen og sjekke saldo på stasjonar inne på konsertområdet (til dømes får du beskjed om kor mykje som er att kvar gong du betalar for noko). I år kan du også aktivere ein funksjon som gjer at du automatisk kan fylle opp armbandet med pengar når det er tomt. 

Automatisk påfylling

Visste du at du kan aktivere automatisk påfylling på cashless-kontoen din? Aktiverer du denne funksjonen og legg inn kortdetaljane dine, vil kontoen din automatisk fyllast opp med 400 kronar kvar gong saldoen på armbandet ditt er under 200 kronar. Då slepp du å gå glipp av den bakte poteten heilt på slutten av kvelden!

Når festivalen er over, vil alle som nyttar teneste få refundert eventuelle pengar på kontoen automatisk. 


Kan eg eigentleg nytte profilen min til noko?
Å, ja! Du kan fylle opp med pengar på nett, følgje med på kva du har kjøpt, aktivere automatisk påfyll av pengar, laste ned kvitteringar, «slå av» mista armband (men det vil jo ikkje skje!), søkje om refusjon av restbeløp og meir til!


Armbanda i 2017
Her ser du armbanda for vaksne og born:

barnearmbånd

Gebyr
Det er ingen transaksjonskostnadar ved bruk av systemet, heller ikkje ved refusjon.