Strikk den nye Vinjerock-gensaren

Hiv deg på strikkepinnane og bruk påska på å lage ein flett ny gensar.

Bu deg på vind og vêr som ingen annan. Me har tidlegare lansert både Vinjerock-føslo og hue. Her kjem ein gensar (!) frå Marit Gjærdingen i Strimastrikk. 

For optimal uttelling oppmodar me om å strikke både hue, føslo og gensar. Me garanterer merksemd av type lattermild på Vinjerock. Samt varme føter, øyre og hjarte. Høyres ikkje feil ut, hæ? 

Flekk fram strikkepinnane no! Her har du oppskrifta på ein heit og råflott gensar, for heite og råflotte folk: 

Vinjerock-gensaren 2018