VinjeFM spelar igjen

Lurar du på kva Sondre Justad tykkjer om badetemperaturen i bygdin, eller kven som liknar mest på Aasmund Olavsson Vinje på Eidsbugarden? VinjeFM gir deg svaret, med fjærlett underhaldning på kjøpet.  

Den mest lokale radiostasjonen i Jotunheimen har teke steget frå FM-nettet ut på verdsveven. Du kan lytte på oss ved å gå inn på startsida til vinjerock.no på din mobile einig eller datamaskin, og trykke på spel av-knappen i spelaren på toppen av hovudsida.

 

Dei ekstra smarte tek turen til Parkscena, der dei får sjå radiotryna i VinjeFM halde det ekte, heilt direkte. Du får artistarprat, konkurransar, lekker vinjerock-musikk og anna høgverdig underhaldning.

 

Sendetider:
Torsdag: 17-18
Fredag: 10.30-12.00
Laurdag: 12.00-13.30