Vil du vere med å bygge Vinjerock?

No kan du melde deg som frivillig på årets festival.

Kvart år er rundt 600 frivillige i sving for å få Vinjerock til å gå rundt. Vi treng parkeringsvakter, artistvertar, miljøfolk, barmennesker, fotografar og alle andre som må til for å bygge musikkfestival i fjellheimen.

Som frivillig får du festivalpasset gratis. Arbeidsmengda varierer frå gruppe til gruppe, og vi forsøker i det lengste å legge vaktene slik at du får minst ein heil fridag til å nyte festivalen. Som frivillig på vinjerock får du vere del av ei gruppe folk som jobbar hardt, er blide og tek i eit ekstra tak. Du er med å drive det store maskineriet ein festival er, og får oppleve arbeidet som ligg bak dei alle opplevingane du får som festivaldeltakar.

Av erfaring veit vi at veldig mange fleire søker om å vere frivillig enn det vi har muligheten til å ansette. Difor kan vi ikkje love at alle får ynskjene sine eller får jobbe saman med dei dei vil, men vi strekk oss så langt vi klarer for å gjere alle til lags. Det kan også ta litt tid før du høyrer noko sidan gruppeleiarane skal sjå gjennom ganske mange søknader, så smør deg med tolmod! 

Vi sjåast i fargerike t-skjorter til sommaren, det blir strålande. Ikkje ver ein latsabb, ver felage på Vinjerock! Her finn du søknadsskjemaet.