Super-intim Sudan Dudan-konsert på fredag

Kom og sjå norsk-amerikansk-afrikansk folkemusikk!  

Du må vere tidleg ute om du skal sikre deg plass på Sudan Dudan-konserten fredag. I Vinjebue, der konserten blir holdt, er det ikkje meir enn 25-30 plasser. Her ligg altså alt til rette for ein nydeleg intimkonsert! 

Men kven er så Sudan Dudan?

Bandet består av Marit Karlberg og Anders Erik Røine, ein duo som vart stifta i 2003. Deira musikalske utgangspunkt er slåttemusikk: dansemusikk til bygdedans og gamaldans. Valdres-duoen tilbyr eit møte mellom Jotunheimen og Appalachene - norske folketonar kombinert med amerikansk fjellmusikk og afrikansk ørkenblues. I 2013 kom deira tredje plate, "Inntil i dag", og fikk strålende mottagelse - blant anna terningkast 6 i VG. 

Konserten startar 16.00 på fredag.