Strikk dine eigne Vinjerock-føslo!

Lune og varme føslo kjem godt med oppi fjellskoa!

Då me hadde strikke-kurs med øl-vott var dette frykteleg populært, og ein kunne sjå mang ein Vinjerockar med strikkepinnar rundt om i campen på festivalen! No kan du strikke dine eigne Vinjerock-føslo slik at du er førebudd uansett vær og vind på festivalen 1060 m.o.h. 

Det er Marit Gjærdingen som har æra for det flotte mønsteret. Ho er ei ihuga strikker, som sel sjølvstrikka og sjølvhekla produkt frå firmaet sitt Strimastrikk. Ho står og for designen på den offisielle  Vangsgenseren.

Mønsteret for Vinjerock-føslo, med forklaring, kan du laste ned her

Ta og ein titt på mønstrene frå i fjor, dei funker like godt i år! 

Mønsteret for Vinjerock-lua, med forklaring, kan du laste ned her

Mønsteret for pannebandet, med forklaring, kan du laste ned her