Sov godt og reis miljøvenleg

No kan du tinge deg plass på Ubekrymrabussen frå Oslo, Bergen eller Trondheim, samt leige deg inn på Lavvotellet under festivalen.

Ubekymrabussane går tur/retur Oslo, Trondheim og Bergen - strake vegen inn til Eidsbugarden. Hovudmålsetjinga er å gje vinjerockarane ei meir bekymringsfri ferd mot festivaleventyret, i tillegg til å redusere antal bilar på landevegen med kurs mot Jotunheimen i midten av juli. 

 

Den gode festivalopplevinga byrjar allereie på bussen, som hentar deg på din lokal busstasjon torsdag morgon. Derifrå sklir du elegant forbi alle køar på vegen mot målet, før du kan slenge sekken på ryggen og rusle bort til festivalcampen.

 

 Luksus i fjellheimen? Vi byr på ferdigrigga lavvo med fyring og ved. Og meir attåt.

 

Praktiske detaljar:

Innsjekk: Torsdag 20. juli frå kl 14.00

Utsjekk: Sundag 23. juli kl 12.00

 

Lavvotellet har eigen bemanna «resepsjon» som bistår i løpet av helga ved behov for service.

 

Båe ting får du kjøpt på Vinjerock sine Ticketo-sider. (ekstern lenke)

Velkomen til fjells!