Snart kan du kjøpe festivalpass til Vinjerock 2018!

Her er datoane du bør setja ring rundt i kalenderen. 

Har du venta i spenning sidan du vinka farvel til Eidsbugarden i slutten av juli?

No er det lov å byrje å glede seg att, på ordentleg. 1. desember klokka 12.00 opnar salet av festivalpass til Vinjerock 2018. Festivalpassa finn du hos Ticketmaster.no, ved å søke på Vinjerock 2018.  Dei siste åra har billettane forsvunne før me har snudd oss ein halv gong, så her er det raske labbar og eit busslass med flaks som gjeld. 

Til deg som er glad i friluft og er medlem i Den Norske Turistforening vankar det ekstra godt nytt! 

Det blir lagt ut eit avgrensa tal billettar for DNT-medlemmer allereie onsdag 29. november klokka 12.00. Du må ha medlemsnummeret ditt klart ved handelen, for også her kan festivalpassa bli utselde i ein fei. 

Så langt kan vi freiste Vinjerockarane med.. Hald pusten ei lita stund til! Fram mot billettsleppet kjem eit artistdryss utan like. Me startar allereie i ettermiddag, så hald deg på kanalen. Internett. Denne sida, altså.