Me gjev dykk Ila Auto og Sløtface!

Dei får det til å rykke i henholdsvis rockefot og headbangernakke, og skal spele på Vinjerock 2018.

I starten av november melde NRK at Sløtface under radaren tek over Europa. Dei har ikkje gått under vår alt-oppfattande bookingsjef-radar, åneidu. Med tekstar som snur opp ned på det som vanlegvis går gjennom øyrekanalane våre, skal dei få ta over Vinjerick 2018. Poppunk som ikkje står tilbake for å snakke høgt om sterke meiningar, er ikkje oss imot. Musikken deira kan du høyre her på tidal, eller kanskje på spotify, og du kan lese meir om dei under artistoversikta vår.

Det andre me skal lufte for dykk i dag, er Ila Auto! Gjer deg klar for å la rockefoten rykke, drøyme deg bort til det ville vest og tygge kjekt på eit strå. For dette bandet har gjennom snart 12 år levert bluegrass til det norske folk. Me gler oss til å få litt av det på Vinjerock 2017! Høyr litt Ila Auto her - og gled dykk. 

Sløtface og Ila Auto kjem som tilskot på eit program som allereie inneheld Silvana Imam, The Dogs, Fieh og The Rebels. Meir godt er i vente, godtfolk!