Mangfald på Vinjerock

Vinjerock har sidan 2014 arbeida målretta for å rekruttere lokal ungdom, integrere flyktningar, og inkludere funksjonshemma.

- Eg er så utruleg glad for at eg får vere med på dette, seier Hadas Tecletghi, busett flyktning frå Eritrea.

Vinjerock starta i 2014 eit samarbeid med Vang frivilligsentral, Vang mottakssenter og Introduksjonssenteret i Vang, som resulterte i at fire flyktningar var med som frivillige på festivalen i 2015. Marte Tangen, dagleg leiar på frivilligsentralen vart etter dette mangfaldssjef i Vinjerockstaben, og jobbar i hovudsak med tre prosjekt; rekruttering av lokal ungdom, integrering av flyktningar og inkludering av funksjonshemma.

 

- Vi er ein festival som står støtt og har overskot til å jobbe med meir enn berre å få hjula til å gå rundt. Då meiner vi at vi har eit ansvar for å drive med sosialt entreprenørskap. Vi har valt fokus på mangfald ut frå både eigne behov og behov vi ser i lokalsamfunnet, seier mangfaldssjef Marte Tangen.

 

 Inkuldering av flyktningar som frivillige for festivalen er også særs fruktbart for dei ulike gruppene.

- Veldig moro å ha med Tarek på kjøkkenet. Blid og artig fyr som spredte masse glede. Han hadde til og med eit lite akademisk kvarter der han prøvde å lære oss arabiske bokstavar. - Anette Øen, gruppeleiar kjøkken.

 

- Tilbakemeldingane viser at dette er viktig og bra for både flyktningane, ungdommane og dei funksjonshemma, men det også tydeleg at det er bra for Vinjerock, for dei andre frivillige og for publikum, seier mangfaldssjef Tangen.

Målet er å gi dei ein god introduksjon til norsk friluftsliv, kulturliv og arbeidsliv, og å gje dei ei større tilknyting til bygda og byggje identitet som vangsgjelding. Dei søv i lavvotellet, og får låne soveposar og liggeunderlag. I tillegg får dei fjellsko, ullundertøy, skalljakke og -bukse.

 

Inkludering av funksjonshemma

 

Vinjerock har lenge vore ein festival med fokus på tilrettelegging for funksjonshemma, og vi har hatt rullestolbrukarar som har vore faste frivillige eller publikum i mange år. Vi har ein eigen handicamp, og rullestolrampe med god sikt til begge scenene. 

 

I 2017 samarbeider vi med Unge funksjonshemmede. Dei skal lyse ut to billettar til sine medlemmer, som skal fungere som «spionar» og gi oss tilbakemelding på korleis dei opplever festivalen og kva vi må jobbe vidare med.

 

Utfordringane handlar i stor grad om kommunikasjon. Då er det viktigaste å ha kapasitet til god oppfølging - bruke tid på å informere i alle retningar og aldri ta for gitt men alltid kontrollere at opplysningar blir forstått. Til dømes skal ikkje flyktningane berre vite at dei skal bu i lavvo langt til fjells, dei skal forstå heile omfanget av kva det inneber.