Kun armband gjeld som festivalpass

I år får du kun ordrebekreftelse i inboksen din når du har handla billett til Vinjerock 2018. Armbandet kjem i posten i juni, og det er det som gjeld!

Det er straks duka for sal av festivalpass til Vinjerock 2018, og me hoppar i stolane av spaning! Sit du klar, eller?

Først: noko er nytt i år, og det må du få med deg!

Når du har fått kjøpt billettane dine får du ein ordrebekreftelse på epost. Det er det einaste du har å sjå på fram til armbandet ditt kjem i posten i år.

Ikkje få fnatt når du ikkje får ein billett på epost som du har gjort før. Smør deg med tolmod, for armbandet du får i postkassa di i juni 2018 er det einaste som er gyldig som billett!

Dette gjer me for å hindre billettsvindel og hjelpe dykk som vil på Vinjerock. Billettsvindel tykkjer me er noko herk.

Ver OBS på svartebørssal

Me oppmodar i år som før om å kun kjøpe billettane du og kameratane dine treng til årets festival. Hugs at det er mange om beinet og at fleire blir skuffa når dei ikkje får tak i festivalpass.

Dessverre veit me av erfaring at den store etterspurnaden kan føre til meir svartebørssal og billettsvindel.

Som hovudregel oppfordrar Vinjerock kun til kjøpt av billettar på Ticketmaster.no, og kjøp hjå andre aktørar skjer på eige ansvar.

Elles oppmodar me deg til å vere kritisk om du blir kontakta av folk som ynskjer å selge deg billettar. Her er nokre tips:

  • Hugs at det einaste som gjeld som festivalpass til Vinjerock, er armbandet. Du kjem deg ikkje på festival før du har det i handa. Armbandet blir sendt ut i juni 2018.

  • Unngå å betale på forskot, møte seljaren personleg eller bruke betalingsløysinga til Finn.no

  • Det finst mange betalingsløysingar me oppmodar om å unngå, som til dømes Ukash, Paysafe/Paysafecard og liknande. Det er ofte snakk om svindel om seljaren vil nytte desse.

  • Ordrebekreftelese er ikkje godkjend som festivalpass! Kjøper du billett av nokon må du sirke deg at det er du som får festivalpasset i posten når me sender det ut i juni 2017. Då må seljaren endre andresse i Ticketmaster.