Fiks og redesign på Vinjerock

Bergans og DNT ung stiller med eksperthjelp og fikseutstyr. Du tek med dine klede. Resultatet? Fiksing og redesign av friluftsutstyr på Vinjerock og Fjellfilmfestivalen.

- Dette blir så moro, leiar i DNT ung, Johanne Grue Reiten.

DNT ung  stiller både med turinfo, turleiarar og med konkurransar på  Vinjerock. Det som er nytt på årets festival er likevel det Reiten er ekstra stolt over i år. 

- Ved sportsbutikken kan alle som vil komme og fikse utstyr dei har liggande. Zipper på glidelåsar, hol i klede, og andre små reperasjonar kan du prøve å fikse, seier Reiten. 

Ta med eigne klede

I dei sju  Miljøvettreglane  som vart lansert av  DNT ung  og  POW Norge  i 2016, er det å ta vare på tur-utstyr viktig. Regel nummer to er "Sats på opplevingar, ikkje utstyr", og regel nummer tre er "Fiks alt, alltid". 

- Me ynskjer at turutstyr skal ha lengst mogeleg levetid. Du kan kjøpe brukt, og viktigast av alt er at ein alltid bør fikse utstyret om ein har fått ei rift eller liknande. Med fiksing på  Vinjerock  håpar me fleire blir inspirerte til å vere meir miljøvenlege, seier Reiten.

Ho oppfordrar alle festivaldeltakarar å ta med jeg friluftsklede dei vil fikse, og dersom dei har friluftsklede som kan bli til noko nytt, så er det sjanse for å prøve seg på redesign også.  

- Om du har med eige utstyr til redesign så er det kult. Det er kjempemoro! Me i DNT ung gler oss masse til å sjå kva folk vil lage, seier Reiten. 

Og dei to frivillige som du finn på standen er klare for å hjelpe og inspirere dei som kjem innom. 

- Det er utruleg spanande å vere kreativ og gi nytt liv til gamle ting, seier Maria Mathisen.

- Fiksing og reparering gir i tillegg ei god mestringskjensle, legg Hans-Martin Erlandsen til. 

Dette kan Bergans og DNT ung fikse på festival:

  • Sy eller tette hol i både i skalbekledning og boblejakker.
  • Glidelås, enkel reparasjon av dragar (men ikkje utskifting av glidelås). 
  • Re-sy saumar som har gått opp/sprukke, og fikse så det blir vasstett.

Opningstid på fiksing og redesign på Vinjerock: 

  • Torsdag: 16.00-19.00
  • Fredag: 10.00-13.00 og 16.00-19.00
  • Laurdag: 10.00-13.00 og 16.00-19.00