5 grunnar for å køyre Ubekymrabuss til Vinjerock

Me legg ut 500 bussbillettar for 500 kroner, direkte frå Oslo, Bergen eller Trondheim!

I år vil me setje ny rekord i bussreisande vinjerockarar, og difor set me ned prisen på Ubekymrabuss til 500 kroner! Ikkje fleip: det har aldri vore så billeg å ta buss til fjells før.

- Me slår eit slag for kollektivtrafikken både til kvardag og til fest(ival). Det er miljøvenleg, sosialt og framtidas transportmiddel, seier festivalsjef Julie Forchammer.

Billettane til Ubekymra-bussane tur-retur Oslo, Bergen og Trondheim blir lagt ut samstundes som festivalpassa, så her gjeld det å vere raskt ute. Kun dei 500 første får bussbillettar for 500 kronasjar. 

Kvifor er det betre å busse til å fjells enn å køyre eigen bil, lurar du? Jo, no skal du høyre:

1.Ein buss=50 bilar mindre på vegen

Om me fyller ein buss med Vinjerockarar i stadenfor at de køyrer eigen bil, kan me spare 50 bilar på vegen. Med i alt 3100 festivaldeltakarar, kan det gjere ein ordentleg stor forskjell om fleire av desse tek buss. Nok sagt. Me bryr oss jo om kloden, gjer me ikkje? Jo.

2. Kø er noko herk

Ubekymrabussane køyrer deg heile vegen inn til Eidsbugarden. Dersom du kjem med eigen bil, må du parkere to mil unna festivalområdet og ta skyttelbuss inn. Ubekymrabussen sparer deg for å lesse inn og ut bagasjen på Tyinkrysset. Og du, berre tenk den søndagsmorgonen. Når du vaknar i teltet med kink i dansefoten og ein eim av naboen sin tåfis, kan du legge deg i lyngen og ta ein god frukost. Deretter pakkar du ned teltet, slenger sekken på ryggen og spankulerer forbi køane til skyttelbussane. Så stig du ombord i bussen til JVB, legg setet bak, og søv. Heile vegen heim til din eigen storby. Livet gliser.

3. Du sparar pengar!

Det har aldri vore billegare å reise med buss til Vinjerock. Takka vere samarbeidspartnarane våre, som Valdres Sparebank (og ein del av våre eigne, oppsparte pengar) kan du reise for 500 kroner fram og tilbake. Det er 250 kroner kvar veg, det. Ikkje meir enn eit par turar med ei ferje på Vestlandet. Og du slepp alt som heiter bompengar, parkeringsavgift og bilen kan stå pent og ubrukt heime i oppkjørsla di. Stas for bil og eigar.

- Vi ynskjer å ta miljøet på alvor, og det å kunne kombinere det med å gjere turen til ein av Noregs beste festivalar reinere, enklare og meir ubekymra gjennom billege bussbillettar er viktig. Me ser at dette er noko festivalfolket og set pris på, og løysinga med ubekymrabussane vert stadig meir populær, seier Arnfinn-Helge Kvam frå Valdres Sparebank. 

4. Du får starte festivalen før alle andre

På Ubekymrabussen er det quiz og spesialguiding inn mot Eidsbugarden. På timane det tek frå byen din til fjells, blir du kjent med eit busslass med andre kjekke Vinjerockarar. Kanskje kan du sjekke opp han karen i nabosetet, om du er på offensiven. Bussreisa er starten på heile festivaleventyret.

5. Du blir vår, busselskapet og vegvesenet sin favoritt-Vinjerockar

Me skal ikkje skrøne, det ikkje alltid ein dans på lyngen å frakte 3100 vinjerockarar inn i fjellheimen. Det set busselskapet, og oss, på prøve kvart einaste år. 

- Det skal transporteras mange personer på veldig kort tid på ein veg med avgrensa kapasitet, og me er stolte av å få jobbe med Vinjerock! Dei er framoverlente og jaktar gode, effektive og miljøvenlege kollektivtransportløysingar, seier Helge og Kristoffer Kvame i JVB, som legg til at saman med vegvesenet og eit lass med flotte frivillege i Vinjerock, så klarer me å hale det i land kvar sommar.

Men kjem endå fleire festlege folk i same buss, blir alt endå lettare for både oss og dykk. Då får me endå meir tid til å danse i lyngen, som trass alt er det me alle kjem for å gjere.

Dei rabatterte billettane til Ubekymra-bussane blir lagt ut på internett 1. desember klokka 12.00. Men du kan også sikre deg før den tid, om du er lur:

  • Tysdag 28. november, 16.00-17.00: Førehandssal hos Valdres sparebank, Vang.
  • Onsdag 29. november, 12.00: DNT, medlemssal på ticketmaster
  • Onsdag 29. november 16.00-17.00: Førehandssal hos Gjensidige Valdres, Fagernes
  • Frå 1. desember, 12.00: Ticketmaster