Dei første artistane for Vinjerock 2018 er klare

Frå svensk hip hop til norsk soul. Og lat oss ikkje gløyme: ein solid dose rock. 

Ventetida er over, her serverer vi nokre smakebitar frå konfektøskja av artistar som skal gi oss Vinjerock 2018. 

Det er utruleg moro å komme med et førsteslepp som dette. Herleg Vinjerocksk sjangerblanding med spennande, lokale, regionale, nasjonale, internasjonale og veldig, veldig gode artistar, som alle har til felles at dei er usedvanleg gode live, oppsummerer bookingsjef John Olav Hovde.

Har ikkje attitudeproblem

Silvana Imam, jadda. Ringer det ei P3-bjelle? Saman med rå damer som Christine Dancke, Izabell, Julie Bergan, Bendik og Stella Mwangi rista ho hophop-Norge med låta Attitude problem i 2016. Best kjend er den svenske artisten for å rappe høgt om politikk, rasisme og feminisme, og levere sceneshow med energi ut av denne verda.

Rockarane i The Dogs står heller ikkje tilbake for å lage liv under lyskasterane, det hugsar me frå vitjinga i 2015. Bandet med Kristopher Schau i spissen har sluppe èi plate i året dei siste seks åra, og 2018 blir ikkje eit unntak. Velkomen tilbake, karar. 

Lokal rock og soveromssoul

Lokale The Rebels skal også levere gitarriff som ljomar gjennom fjellheimen til sommaren. Trass i at dei knapt er gamle nok til å køyre turnèbussen sin sjølv (er det eigentleg gamle nok?) har dei allereie rukke å varme opp for Kvelertak under nabofestivalen vår, Trollrock. Dei lovar fjellstø, melodiøs pønk til Vinjerockarane - og det seier me ikkje nei takk til.

Fieh har teke oss og musikk-Noreg med storm. Sofie Tollefsbø frå Eina på Toten skriv og produserer sin eigen soul frå soverommet, og vart for alvor lagt merke til då ho i 2014 vart kåra til vekas urørt med låta "My My My".

Musikken hennar har trekk frå soul, r&b, hiphop og ein smule funk. Me klarer knapt sitja i ro i lenestolen av spenning, for i 2018 kjem hennar første album. 

Til då kan du høyre smakebitar frå Fieh på Spotify og Tidal.

Fram mot billettslepp og juletider kjem artistane som perler på ein snurr frå oss i Vinjerock. Me gler oss, bookingsjefen gler seg, gler du deg? Les meir om artistane her