BigBang, Cezinando, Fay Wildhagen & Wet Dreams til Vinjerock!

Me er inne i billettsleppveka, og ser ingen grunn til å halde på godsakene.

I helga som var rulla P3-gull over skjermen i det ganske land. Me beit oss blant andre merke i Sigrid som vart årets nykommar, ho hugsar me alle frå i sommar i sitt energiske show på Store-Vinje. Kanskje fekk du også med deg Karpe Diem, overraskinga frå Vinjerock 2015, som vart kåra til Årets live-artist.

Det er herleg å mimre tilbake, men endå herlegare er det å sjå framover: Vinnaren av årets låt, Cezinando, kjem til oss på Vinjerock 2018! Med låta "Håper du har plass" har han vunne hjartene til heile Norge, etter å ha gjort seg synleg i hiphop-avdelinga av landet heilt sidan han var 16 år. Herreminjuledag, som me gler oss til å oppleve Cezinando i fjellet til sommaren.

Welcome to the mountains!

Få låtar passar betre til å runge ut over Bygdin enn BigBang sin "To the mountains". Me kan endeleg avsløre at det legendariske bandet vender snuten på bandbilen mot fjella att til sommaren. Då er det fem år sidan heile bandet vitja Eidsbugarden førre gong, så dette er i høgste grad på tide.

Også Fay Wildhagen er ein gamal Vinjerockar. Ho spelte for oss i 2015 etter ho nyleg hadde gitt ut debutplata "Snow". I desse dagar spelar Wildhagen inn ny musikk, og me kriblar i øyrene etter å få høyre resultatet.

Fay Wildhagen har gang på gang imponert oss med sine ferdigheiter på gitar, som låtskrivar, og hennar rå og ærlege uttrykk i musikk og på scena.

  • Høyr Fay Wildhagen på Spotiy og Tidal medan du ventar på nytt gull.

Set utropsteikn bak -rock'en i Vinjerock

Kva får du om folk frå Death by Unga Bunga, FOAAAM og Warp Riders? Du får Wet Dreams, og mange rimeleg interessante treff som ikkje handlar om pønk-rock på Google.

Wet Dreams-bandet skriv sjølv dei møttes i ei felles interesse for amerikansk psykedelisk punk og rock, og ein plass inni der finn du musikken deira.

Om du snik litt på deira kanalar på sosiale media, står det at dei jobbar med ny plate. Det blir heilrått, me gnir oss i hendene og gler oss til å høyre Wet Dreams runge i mellom tindane til sommaren!

Slepp av festivalpass

Denne veka slepp me billettane til Vinjerock 2018. Og dette vil du vel ikkje gå glipp av? I tillegg til denne snasne gjengen, får du også oppleve Silvana Imam, Fieh, The Dogs, Ila Auto, Sløtface og The Rebels til sommaren.