Vinjerock 2018 er utseld

Billettane forsvant på få sekund!

Gratulerer til dykk som no sit med billett til festivalen og velkomen til fjells til sumaren! Hugs, armbandet kjem i posten i juni, og det er armband som gjelder, så syt for at adressa du har lagra på Ticketmaster er riktig før 1. mai 2018! 

Om du ikkje fekk tak i ein billett i dag er det enno håp. Fleire av samarbeidspartnarane våre arrangerer konkurransar fram mot festivalen og du kan óg melde deg som frivillig når registreringa opnar på nyåret. Me treng mange flinke folk for å arrangere festival i fjellheimen! 

Dei siste åra har billettsalet til festivalen gått unna så fort at det knapt har vore mogleg å måle. Trenden ser ut til å halde fram, for også denne gongen gjekk det radig - på kun få sekund.

- Me kan ikkje gjere anna enn å takke alle saman for tilliten!  

Sel 3000 billettar

Festivalsjef Julie Forchhammer er heilt i ekstase, etter at Vinjerock nok ein gong har seld ut alle festivalbillettane på særs kort tid. Samstundes veit ho at mange satt klare og forgjeves førsøkte å få tak i billett.

- Me er så heldige at me har stor pågang denne dagen, noko som inneber at det garantert er fleire som diverre ikkje får tak i billett. Me sel 3000 billettar til publikum denne veka, inkludert førehandssal lokalt og for DNT-medlemmar. Det at me ikkje sel fleire ordinære billettar heng saman med området me nyttar. Vårt største ansvar er å lage ein berekraftig festival som ikkje øydelegg naturen oppe på Eidsbugarden, og difor må me avgrense billettalet, seier Forchhammer.

Avgrensa tid til kjøp

Når fleire tusen sitt klare og ein kan reservere fire billettar, tek det ikkje lang tid før alle billettane er reservert. Når det vert skrive at billettane er utseld etter få sekund, inneber det i praksis at dei er «reserverte» til kjøparen har gjennomført betalinga.

Billettservice har ei tidsgrense for kjøp, så om nokon ikkje fullfører innan denne tida er ute, vert billettane deira lagt ut att for sal. Difor kan det av og til hende at nokon får tak i ein billett ei stund etter at festivalen er annonsert utseld.