Tre gode artistnyheiter

I dag er tre nye artistar klare for Vinjerock!

Sigrid Moldestad er ein av dei mest kjende folkemusikarane me har her til lands. Ho har ei lang karriere bak seg, der ho har hausta både gode kritikkar og fleire prisar for musikken sin. Til sumaren skal ho fylle Eidsbugarden med den vene stemma si.

Sudan Dudan er ein duo med Anders Erik Røine og Marit Karlberg på vokal, gitar, langeleik og munnharpe. Med utgangspunkt i slåttemusikk, har dei tøyd rammene for norsk folkemusikk. Sudan Dudan frå Valdres setter nye standardar for bruk av song og strenginstrument, samt arrangement som minnar om musikk lang utanfor dei nordiske tradisjonane.

JOY (SE) slo seg inn på den svenske hiphopscenen for nokre år sidan, blei ho beskrive som ei uforutsigbar kraft som kunne forføre kva publikum som helst. Konsertane hennar kan beskrivast med tre ord: fart, fart og fart. Det går rett og slett unda når JOY står på scena, og me gler oss stort til ho skal opptre på Vinjerock!