Vi gjev deg Vinjerock:Multisport 2017!

Klar for di mest varierte fjelloppleving nokon sinne? Med friluftsglede i fokus, og moglegheit for å teste konkurranseinnstinktet!?

I fleire år har vinjerockarar higa etter ein pallplass i den ettertrakta multisport-konkurransa, og nå er påmeldinga til Multisport 2017 klar!

Meld deg på med ein ven, her kan de velje mellom klassene dame, herre og mix, og ta på dykk utfordringa i ei variert løype rundt Eidsbugarden kor ulike aktivitets-postar ventar! Målet er å samle flest poeng på til saman tretti postar, etter fritt val av rute. 

Anten du har hug til å vinne, eller ynskjer deg ein aktiv utfordring under årets festival, er dette noko for deg! 

Les meir og meld deg på her