Utan armband? Ingen adgang!

Har du endra adresse sidan du kjøpte billett, eller kjøpt billett av nokon andre? Hugs å sjekke adressa di før armbanda kjem i posten!


I år blir alle festivalarmband sendt ut før Vinjerock startar, utan dette kjem du ikkje inn på området.

Armbanda blir sendt ut i løpet av juni, hugs derfor å ha rett adresse lagra på «mi side» hjå ticketmaster.no (tidlegare Billettservice). 

Om du har flytta sidan billetten vart kjøpt må du altså sjølv endre ny adresse.

Til deg som har fått tak i billett hjå nokon som ikkje kan reise til fjells; ver obs på at du MÅ ha armbandet med deg for å kome deg på festival i år. Pass derfor på at du i tillegg til papirbilletten får armbandet/armbanda frå seljaren.

Fristen for å endre adresse er 1. mai. Armbanda blir sendt til den adressa du då står registrert med 1.mai 2017.

Til alle studentar: Hugs å bestille armbandet til ei adresse der du garantert kan ta imot post i juni.

OBS: Festivalgjengarar under 18 år skal ha eige armband. Det er forbode å formidle armband for folk over 18, hvis nokon av dei du kjøper billett til er under 18 år. Ved ID-sjekk vil feil armband bli klypt av.