Diskobonanza!

Aasmunds Diskobar har vorte fast inventar i seine nattetimar under lavvoduken på Vinjerock, men i år tek dei konseptet til nye høgder! Er du klar!?

Aasmunds Diskobar såg dagens lys på Vinjerock i 2012, og sidan den gong har dei laga villdans-nachspiel kvar einaste kveld i Storteltet - i tillegg til ein og anna sporadisk og skamlaus spelejobb i bryllaup og på festivalar i Hardanger. Tradisjonen tru blir det gloheite nachspiel alle kveldane også i år, men på toppen av det heile byr platekuskane deg opp til dans frå Vesle-Vinje som siste artist ut på fredagskvelden!

Hyller norsk elektronika

Når Timbuktu takkar for seg på hovudscena, så troppar diskobar-karane opp på Vesle-Vinje, for å servere deg konseptet «Norsktronika» - ein times lang hyllest av norsk elektronisk musikk i lyd, lys og bilete. Med seg på lasset har dei nemleg ein videovegg på 8x4 meter, i tillegg til at lysmannen har fått frie tøyler med diskokuler og røykmaskiner.

- Det er nok ingen av oss som heilt veit kva som blir servert før vi står der, men vi gler oss enormt, seier Øyvind Strand Endal, som utgjer ein tredel av diskobaren.

- Målsetjinga vår er å gjera folk enno meir bevisst på kor uendeleg mykje bra elektronisk musikk som blir laga i Noreg. Sjølvsagt i kombinasjon med enormt dansbare rytmer, smiler Øyvind, som håpar å sjå mange dunjakkedansande vinjerockarar.

Diskobar-eufori på Lavvoscena

Tradisjonen tru blir det nachspiel på Lavvoscena kvar einaste kveld, kor platekuskane fiskar opp ein time med godbitar som lokkar sjølv den stivaste fjellgeita ut på dansegolvet. 

- Vi såg enormt mange bra moves i fjor, og satsar sjølvsagt på å toppe galskapen i år, seier Marius Waagaard, som forøvrig går inn i historien som Vinjerock sin fyrste (og så langt einaste) VJ neste helg.

Kvar nachspiel-kveld har sitt eige konsept, og i år står følgjande på programmet:

Torsdag: Vive la France
Ikkje noko anna land har farga disko- og housemusikken like mykje som Frankrike, og dette må sjølvsagt markerast med ein eigen kveld. Daft Punk, Phoenix, Madeon, Oliver... treng vi nemne fleire?

Fredag: Party like it's 1999!
Niks, det er ikkje gromlåta til Prince vi skal spele. Derimot skal vi ta for oss alle kremlåtane vi har gløymt, men som farga ungdomsklubbane og NRK P3 i åra rundt tusenårskiftet. Vi snakkar Stardust. Vi snakkar Jamiroquai. Vi snakkar Modjo. Vi snakkar Fatboy Slim. Og vi snakkar sjølvsagt Mr. Oizo. Oh lord!

Laurdag: Diskorama!
Vi tek hurtigtoget attende til 70- og 80-talet, og fiskar opp godbitane som mor og far din twerka til på samfunnshuset i gamle dagar. Lionel Richie, Diana Ross, Michael Jackson, The Supremes... Treng vi nemne fleire?

Platekuskane

Aasmunds Diskobar består av tre kompisar frå høge fjell og djupe skogar i Innlandet. Ein av dei har faktisk peiling på platesnurring, medan dei to andre drøymer om å ei gong få det.

Braak
Braak er aliaset til Øyvind Strand Endal, som har gått gradene frå å vera elektronisk platekusk på lokalradioen i Gjøvik til å servere deg dei beste godbitane på Eidsbugarden. DJ-karriera la han rettnok på hylla for nokre år sidan, men når Aasmunds Diskobar baud han opp til dans i 2012 var han ganske lett å lure utpå att. Braak er eigentleg kongen av chillout og deileg downtempo, men på Vinjerock er faren stor for at du ser han kose seg i rein eufori over det ypparste av fransk disko og house. 

Tobias i Tårnet
Den som gøymer seg bak dette aliaset er Vinjerocks eigen sjuande far i huset, nemleg den avtroppa festivalsjefen Eirik Høyme Rogn. Han er kanskje ikkje så dreven på å snurre skiver, men enormt glad i å spele nye og gamle favorittar likevel. Forvent deg alt får vestkystrock anno 1973 til det mest dansbare som har kome ut av den norske elektroniske scena dei siste ti åra. Her snakkar vi alt frå Rolling Stones til Todd Terje og Lindstrøm!

Skogskongen
Det er ikkje så mange begnadøler som har sett sola over tretoppane, men Marius Waagaard vaks seg akkurat høgreist nok til å sjå lyset. Skogskongen frå sørenden av Valdres var med i styre og stell heilt frå den spede barndommen til Vinjerock, men har i likskap med Eirik gått over i festivalpensjonistanes rekker. Som pensjonist får ein som kjent god tid (?), og den har Marius brukt på å høyre seg opp på gamal soul og disko. I store mengder.