Jotunheimen er meir enn Eidsbugarden og Vinjerock. Utvid horisonten og bli med på fjelltur før eller etter festivalen! På menyen står to kremturar: Den eine langs fagre Bygdin på veg til Vinjerock, og den andre i betydeleg mindre utforska fjellområder i Vang i dagane etterpå, med kurs for Jaslangen og fjellkonserten til Jørn Hilme-stemnet.
- Dette er den beste måten å koma seg til Vinjerock på! Ein får verkeleg fjellroa og batteria er lada for ei helg med konsertar, fest og morro! Ein blir også kjent med andre Vinjerockarar på denne turen, fortel Åslaug Hansegård.
Saman med Randi Ødegård utgjer ho turleiarlaget som står for vandreturen til Vinjerock frå tysdag til torsdag i festivalveka. Og dette er jenter som veit å kose seg på tur. I vinter gjekk dei Noreg på langs saman, og både mat og stemning var på topp gjennom heile turen.
- Området me skal gjennom er av dei flottaste fjellområda her til lands, og me skl gjera det me kan for at dei sit att med flotte minne og enno betre kjennskap til fjellet, fortel Åslaug.
I slutten av juli er fjellet på sitt aller finaste, så her er ingen grunn til å forlate fjellheimen sundag føremiddag. Då startar nemleg fjellturen frå Vinjerock til Hilmestemnet.
Overnatting på DNT-hytta Sulebu og vandring gjennom den desidert finaste dalen i Vang, Smådalen, er noko av det som står på programmet. Sjå galleri lengre ned på sida!
Desse bileta er tekne frå områda turen frå Vinje til Hilme går gjennom. Fotograf: Kjell Arne Berntsen.