Med god hjelp frå mellom anna Valdresbiblioteka har Vinjerock dei siste åra kunna tilby litterære gleder på festivalområdet. I 2010 tok vi det heile eit steg vidare, og hadde forfattarar på vitjing - med Vinjestøga som base for høgtlesing og god gamaldags bok-kos. Tradisjonen tru blir det meir kos i år.
Lite høver betre enn å prise nynorsk litteratur med Vinjes gamle eldorado som base.
Kvifor ikkje kombinere dagens viktigaste måltid med mat for sjela? To av nynorsklitteraturens flotte forfattarar tek turen til fjells, nemleg Ragnar Hovland og Mette Karlsvik. Dette skjer gjennom eit samarbeid mellom festivalen og Det Norske Samlaget.
Ragnar Hovland er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Som forfattar og omsetjar har han skapt eit tekstunivers der det konkrete og det mytiske, det kvardagslege og det absurde vert kopla saman. Hovland sine bøker er fulle av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar, som gjennom eit snart 30 år langt forfattarskap har resultert i meir 40 bøker i alle sjangrar.
Mette Karlsvik debuterte i 2005 med romanen «Vindauga i matsalen vender mot fjorden», som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. I 2011 blei romanen «Bli Björk», som er basert på den islandske verdsstjerna Björk si oppvekst , nominert til Brageprisen. Mette Karlsvik har skrive både for barn og vaksne, og til fulle vist at ho er ein av dei mest spennande unge forfattarane i Noreg.
Festivalbiblioteket vil tradisjonen tru vera spekka med godt lesestoff. Her finn du alt i frå aviser og magasin til skjønnlitteratur i ei herleg blanding. Treng du ei pause? Sleng deg ned i godstolen med svart gull i frå Aasmunds Kaffebar eller prøv deg på gylne, spesialbrygga Vinjedråpar i glas og nyt ei roleg stund i Biblioteklavvoen.