Velkomen til fjells!

Etter månader med førebuingar og planlegging er vi klare. Om få straksar er Vinjerock 2012 i gong - med eit fullspekka program som vi vonar vil smake dykk bra!

Vel 3000 festivalpass vart rivne vekk i løpet av nokre få desembertimar, og me var like sjokkerte som mange av dykk. Det forpliktar at så mange vel å bruka hardt tente kroner på ein festival FØR programmet er klart, men de skal vite at vi har jobba dag og natt for å gjere Vinjerock 2012 til ein "höjdare".

Kva skjer i dag?

Dei fleste har nok med å rigge opp telt og komme i orden, men om du allereie er ferdig og klar for nye sprell kan me friste med mellom anna Ludobonanza i Vinjeparken kl. 16:00. Vinnaren i finalen får heile fire billettar til neste års Vinjerock, samt den unike tittelen "Ludomeister Vinjerock 2012".

I tillegg kan du fylle tida di med:

  • Alfa spanderar: Foredrag med Yngve Ask kl. 14:15 ved Parkscena (gratis)
  • Valdresquiz ved Parkscena kl. 17:00 (gratis)
  • Ølsmaking i Aasmunds Ølstøge kl. 18:00 (kr. 150)
  • Oppvarming med VinjeFM (FM 105,1) kl. 18:00
  • Konsertar frå kl. 20:30 med Ila Auto, Violet Road, Casa Murilo og Bob Hund

Sjekk programmet for meir info!

Mat og drikke

Får du både her og både der.  I Storteltet finn du frukost/lunsj og middagsmat, på Vinjegrillen og Potetbakeriet finn du grillmat og "Vinjepotet" til ein god pris nærast døgnet rundt.

Øl og andre godsaker får du både i Storteltet, Parkpøbben, Aasmunds Ølstøge og på Uteserveringa.

Les meir om mat og drikke, samt kvar du finn godsakene her!

Papirlaus festival og digitale løysingar

Nytt av året er at vi har droppa festivalbrosjyrer og satsa på nye, digitale løysingar. For at dette skal være til nytte for alle har vi fått satt opp WiFi på festivalområdet. Det betyr at du kan finne det du treng på mobilversjonen av Vinjerock.no.  

Du vil òg finne infoskjermar som gir deg oppdatert informasjon døgnet rundt på festivalområdet. Finn du ikkje det du lurer på er infovertane våre i Serviceteltet gode hjelparar. Kan dei ikkje svare sjølve finn dei nokon som kan!