Oppmodinga frå vår eigen miljøsjef, Marit Lajord, er klar: Ekte Vinjerockarar tenkjer miljø og ryddar opp etter seg! Det vankar klemmar på dei som sorterer søpla si, men tek du for lett på det kan det godt hende du får ein skjennepreken av jenta som styrer den grønaste gjengen i Jotunheimen.
- Vinjerock er lagt til eit av landets vakraste naturområde, i utkanten av ein nasjonalpark. Dette medfører eit stort ansvar for å ta vare på miljøet. Fordi vi gjerne vil halde fram med Vinjerock i mange år er det utruleg viktig at Vinjerockarane hjelper oss å bevare Eidsbugarden som den naturperla den er, og sikrar framtida for både Eidsbugarden og Vinjerock, seier Marit.
Det er lagt ned eit betydeleg arbeid for å gjera Vinjerock til ein miljøvennleg festival. Vinjerock er no sertifisert som Miljøfyrtårn, noko miljøsjefen er svært stolt av.
- Men det at vi er eit Miljøfyrtårn stiller også ekstra store krav til oss som festival, fortel Marit.
Frå seint til tidleg går dei fantastiske miljøarbeidarane rundt på festivalområdet og ryddar opp eller bistår deg om du lurer på kor du skal gjera av søppel og pant.
- Dei er stort sett trivelege, så ta godt i mot dei, oppfordrar miljøsjefen.
På Vinjerock sorterar vi søppel etter fargar, og på bussen inn til Eidsbugarden får du utdelt søppelposar du kan ta med deg til campen din.
Raudt = pant, grøn= matavfall, svart = restavfall og kvit = plast.
Går du tom? Stikk innom serviceteltet på Eidsbugarden og få fleir. Posane kan du kaste på miljøstasjonen som du finn mange stader i campane og på festivalområdet eller levere til miljøarbeidarane som traskar rundt!
Her følgjer ei lita liste over kva du skal og IKKJE skal gjere for å hjelpe oss i miljøarbeidet.
Du skal:
Har du lyst til å yte det «vesle ekstra» for miljøet på veg til Vinjerock? Her er nokre heite tips på kva du kan gjere:
Sjølv om dette kanskje blei mykje informasjon er miljøarbeidet på Vinjerock eigentleg ganske enkelt i følgje miljøsjefen.
- Om du er ein ekte Vinjerockar som ryddar og sorterar får du gjerne ein klem. Er du ein noldus som let det vera og eg finn det blir det kjeft.. Eg er mest glad i å gi frå meg klemmar!