Lurer du på kva som er favorittlåtane til Ragnar Hovland? Eller kven som luskar seg ut frå framande telt tidleg på morgonen? VinjeFM fangar festivallyden. Når VinjeFM inntek Lavvoscena står underhaldning og informasjon i høgsetet, alt gjort med glimt i augo og gylne dråpar i glaset.
Noregs minste og høgstliggjande radiostasjon gjev deg liveradio av beste merke også i år. Stikkorda er intervju, livemusikk, konkurransar, quiz, liveoppdateringar frå festivalcamplivet og ja - generelt god stemning. Når VinjeFM ikkje har sendingar, kan du og venene dine sitje i campen medan radioen gjer dykk all festivalmusikken - heile døgnet.
Ein liten introduksjon av dei snakkesalige er som seg hør og bør. Her får du ein smakebit på dei som skal snakke hol i hovudet på deg!
Kristine Skeide: Rå latter og rå humor. Skeide er tilbake og det blir stas!
Peder Ottosen: Som einaste hane i høneflokken blir det opp til Peder å finne ut kva festivaltestosteron eigentleg er.
Ellen Borge: Ellen er radio, meir treng ein ikkje seia.
Mari Aftret Mørtvedt: Kva har Colombia, Fiji og Eidsbugarden til felles? Det kan Mari fortelja deg.
Helle Nilsen Estensen: Definisjonen av underfundig - det er berre å lene seg tilbake og le.
Anne Natvig: Radiotryne og andedrettsmaskin i VinjeFM. Radiosjefen sjølv!
Krister Johnson: Veit å trykke på dei rette knappane. Utan Krister - ingen radio.
Torsdag 19. juli frå 18.00-20.30
Fredag 20.juli frå 10.00-12.30 og
13.30-16.15
Laurdag 21.juli frå 10.00-14.30
Musikk resten av døgnet.
Og om du gløymer din eigen radio? Ikkje fortvil. Ein liten, praktisk og billeg reiseradio vil det bli mogleg å få kjøpt i salsteltet. Du vil òg høyre Vinje FM i sceneområdet når det ikkje er konsertar.