Sju tindar på eitt fat

Om du vil ta ein eller sju er opp til deg, men vi har i alle fall samla dei sju beste og enklaste tindeturane med utgangspunkt frå Eidsbugarden. Og kjem du deg til topps på ein eller fleire er du med i trekninga om festivalpass til Vinjerock 2013.

Dei sju tindane det er snakk om er Vinjeknappen, Utsikten, Tyinholmen-Utsikten, Torshammaren, Sløtafjell, Høgbrotet og Gravafjell.

Vinn festivalpass!

- Vi har lagt ut tenger på toppen, og alle som tek turen opp  på ein eller fleire av tindane i løpet av festivaldagane kan «stemple inn» og vera med i trekninga om festivalpass til neste års Vinjerock, fortel aktivitetssjef Hallgrim Rogn.

I tillegg til at vi trekk ut festivalpass til ein tinderanglar får dei som vitjar alle postane i løpet av festivalen ein eksklusiv Eidsbugarden-pin.

- Stemplingskortet både hentar og leverar du i turinformasjonen i Vinjeparken, fortel Hallgrim.

Kartet over området i botnen av artikkelen er å finne ved turinformasjonen, og viser kvar du skal gå.

«I Vinjes fotspor»

Konseptet har kome til liv gjennom eit samarbeid mellom Eidsbugarden Budstikke og Vinjerock. I tillegg til tindestafetten har samarbeidet resultert i turguiden «I Vinjes fotspor» som er til sals under festivalen. Den er ein genial lita innføring i kva området har å by på.

- Vi håpar heftet kan vera til nytte og inspirasjon for nysgjerrige fjellvandrarar som vil oppleve Eidsbugardens vakre natur og spanande kulturhistorie, seier Birger Løvland.

Han er redaktør for Eidsbugarden Budstikke ,og har laga turheftet «I Vinjes fotspor» saman med kona Anita.

Fellesturar for alle

Saman med DNT Valdres vert det fellestur til tre av toppane under festivalen.

- Dette er drop-in-turar som du ikkje treng å melde deg på til. Du berre møter opp ved turinformasjonen og blir med på tur, fortel Hallgrim.

Torsdag kl. 16-19: Torshammaren
Fredag kl. 11-14: Gravafjell (med moglegheit til å fortsette opp på Høgbrotet) 
Laurdag kl. 10-13: Utsikten (med moglegheit til å gå på Tyinholmen-Utsikten eller innerste Skjeneggen på same tur) 

Gå alle sju?

Her har du lista over dei sju tindane, samt eit par gode argument for kvifor du bør kravle deg opp fjellsidene.

  1. Vinjeknappen - Det lite vitja høgdedraget søraust for Eidsbugarden (1433 moh)
  2. Utsikten - Eit «must» om du vil seie at du har vore på Eidsbugarden (1484 moh)
  3. Tyinholmen-Utsikten - Tyinholmen har òg sin fantastiske utsiktstopp (1480 moh)
  4. Torshammaren - Den vakraste utsikta ut over Tyinholmen og Tyin (1440 moh)
  5. Sløtafjell - Toppen rett nord for Eidsbugarden, med imponerande skode over Bygdin (1406 moh)
  6. Høgbrotet - Den altfor lite besøkte panoramatoppen nært ved Eidsbugarden (1630 moh)
  7. Gravafjell - Den optimale staden for å sjå vestenden av Bygdin og Eidsbugarden (1480 moh)

God tur!

Turkart