Ludobonanza i Vinjeparken

Gjengen bak Grindafjell sel til vanleg hyttetomter i fjellsida oppunder Grindafjellet i Vang. Som ny samarbeidspartnar med Vinjerock tek dei viktigheita av kosen på alvor, og inviterer til ludocup i Vinjeparken i helga. Vinnaren stikk av med fire festivalpass til Vinjerock 2013!

Grindafjell-gjengen stiller med eigen storlavvo heilt attmed vasskanten, der startskotet for ludocupen går klokka 16 på torsdag. Fram til åtte på kvelden, og frå 12 til 16 på fredag, blir det innleiande runder etter drop-in-prinsippet.

- Vi krev ingen påmelding i forkant, men det er eit tak på kor mange spelarar vi kan ha med i turneringa, så dei innleiande rundene blir avslutta hvis vi når det antalet før klokka fire på fredag, fortel Eivind Akervold, ludogeneral og cupmajor.

Han kan skilte med eigendesigna ludobrett på finér, og gler seg til å følge med på intense kampar over raude, blå, grøne og gule brikker i dagane som kjem.

Når det gjeld reglane så er det tradisjonelle ludoreglar som gjeld, men Eivind presiserer at ein person kun kan spela ei gong.

- Er du blant dei tre som tapar er du ute, medan vinnarane går vidare. Vi registrerer dei på lista vår og tek kontakt når oppsettet for finalerundene på fredag ettermiddag og laurdag er klare.

Klokka 15 på laurdag går hovudfinalen av stabelen, og vinnaren kan altså sikre seg sjølv og tre vener billettar til neste års Vinjerock allereie no.

Utradisjonell tilnærming

Det er ikkje daglegdags kost med slike samarbeid mellom utbyggingsselskap og festivalar, men for Eivind og resten av Grindafjell-gjengen handlar dette like mykje om å skape hyttekos som å selje tomter - i allefall i denne omgang.

- Men vi håpar sjølvsagt at vi får gjort Grindafjell-namnet betre kjent, og kanskje blir ein av ludospelarane ein framtidig hyttebyggjar i Vang. 

Aktivitetsskaping er eit viktig satsingsområde for hytteprosjektet deira, fortrinnsvis av typen familie- og miljøvennleg.

- Så vi kan love god stemning, og garanterer at det ikkje er brukt regnskog i ludobretta, avsluttar Eivind med eit smil.

Les meir om Grindafjell på www.grindafjell.no  og på Facebook.