Kalde Vinjerockarar treng varme dråpar, og dei finn du i mange variantar i Aasmunds Kaffibar. Tradisjonen tru stiller Fairtrade opp også i år. Her diskar dei opp med dei lekraste kaffikoppane du kan tenkje deg, og best av alt - du kan drikke kaffien med godt samvit.
- Vinjerock utmerkar seg med satsinga på Fairtrade, fortel Bob Nerland, som er årets «kaffimajor».
Også festivalsjefen er bevisst på at Vinjerockarane skal få kjøpe varer som er odla fram på rettferdig vis.
- Me satsar stort på Fairtrade-merka varer av ymse slag og har ein god samarbeidspartnar i Fairtrade, seier Eirik Høyme Rogn. Vinjerock er ein festival som ynskjer å ta ansvar og vil gjerne hjelpe til slik at handelen i verda vert meir rettferdig!
Men i Aasmunds Kaffibar er det ikkje berre kaffien som står i fokus. Her finn du noko å bite i, men òg eit par uventa tilskot på handlelista.
- Me har sjølvsagt godsaker for munn og mage, men i år har me teke inn ein del anna i sortimentet som ikkje skal i fortærast, fortel kaffibaron Nerland.
Nytt av året er at du kan du kjøpt «dusjpakker» med mellom
anna handkle og såper. I tillegg finn du undertøy i frå «Pants of
poverty» til både kvinner og menn. Alt er sjølvsagt etisk produsert
og Fairtrade-merka. Dette får du kjøpt i Vinjerock sitt salstelt i
Vinjeparken.
- Så skulle du gløyme trusa di kan du kjøpe ny der, ler
Nerland.
Fjellkaffi: Vanleg svart Fairtrade-merka kaffe
utan noko dilldall kr 20,-
Uranos-te: Fairtrade-merka te kr
20,-
Vinjekrutt: Espresso, laga av Fairtrade-merka
kaffe kr 20,-
Aasmunds latte: Caffè latte laga med
Fairtrade-merka kaffi kr 30,-
Amerikaffi: Caffè Américano, laga med
Fairtrade-merka kaffe kr 30,-
Vinjechino: Cappuchino laga med
Fairtrade-merka kaffe kr 20,-
Hustrin kaffi: Fairtrade-merka Starbuckskaffi
kr 30,-
Kaffiavtale: Ditt eige Vinjerock-krus og
fri kaffi heile festivalen kr 149,-
I tillegg finn du eit rikt utval av energirik snacks som
sjokolade, nøtter, sportsbarar og smoothies på menyen!