Gløymt att noko heime?

Lagt att soveposen? Mista fjellskoa? Fått hol i favorittlestane frå bestemor? Ikkje fortvil. Du finn nestan alt du måtte trenge i Intersport sitt salstelt på Jotunheimen Beach.

Tradisjonen tru kjem Intersport og etablerar seg på Eidsbugarden under Vinjerock. Skulle du ha gløymt att teltet, soveposen, tursekken eller favorittlua di heime kan du kjøpe det du treng her.

- Vi satsar på å ha eit godt utvalg i år òg, spesielt kan ein forvente godt med varer frå Bergans, Devold og Alfa, fortel dagleg leiar for Intersport Filefjell, Leif Øyvind Solemsli.

Butikken er i følgje sjefen sjølv spekka med godsaker.

- Vi køyrer på med alt i frå turklede og fjellsko til telt, sekkar, soveposar og småting som folk måtte ha bruk for når dei er i fjellet. Og vi byr sjølvsagt på særs gode prisar.

På Bergans, Alfa og Devold of Norway sitt sortiment kan du som kjøpeglad Vinjerockar rekne med rabattar på 30-50 prosent av vanleg pris.

- I tillegg køyrer me på med restekasser der du får mykje igjen for kronene. Her snakkar vi avslag på tusenlappar på enkelte ting, til dømes fjellsko, fortel Solemsli.

Intersport finn du i ytterkanten av den nye Vinjeparken på Jotunheimen Beach. Her finn du òg Vinjerock sin eigen butikk. God handel!

Opningstider

Torsdag 19. juli
kl. 12.00-22.00

Fredag 20. juli
kl. 10.00-20.00

Laurdag 21. juli
kl. 10.00-20.00