Gjer deg klar for diskobar!

Det er duka for høg temperatur under lavvoduken på Vinjerock i år! Platesnurring er stikkordet, og Aasmunds Diskobar heiter konseptet. Alt frå morgondagens funky house til 80-talets mest syndige guilty pleasures har funne vegen til fjells saman med 5 ulike platesnurrarar, deriblant sjølvaste Ralph Myerz. 

På dagtid finn du diskobaren på den nye Parkscena i Vinjeparken. Her blir det reinspikka god stemning frå 12 til 18 kvar dag. Tempoet blir hakket høgare når Aasmunds Diskobar sine beste menn inntek Lavvoscena på nattestid. Vi tek sikte på at kvar einaste øl skal dansast ut av skrotten før soveposen ventar! Desse møter du bak platene:

Ralph Myerz

Sjølvaste Ralph Myerz er utan tvil den mest meritterte platesnurraren som tek turen til fjells i år. 15 år har gått sidan han starta Ralph Myerz & The Jack Herren Band, som har turnert verda over. For to år sidan fekk dei blode til å bruse hjå Vinjerockarane på ein måte som ingen hadde greid føre dei.

Ved sidan av det anerkjente bandet har også Ralph gjort mange soloprosjekt, og den nye skiva «Super Sonic Pulse» kjem i september - med gjester som Snoop Dogg og George Clinton. Det er altså ikkje kven som helst denne karen mengar seg med i studio.

Heldigvis for oss var herr Myerz svolten på meir frisk fjelluft, og difor tek han seg ei pause frå studioet og pakkar sekken med godbitar som han vil spele for Vinjerockarane. 

Ralph lovar å levere fleire dj-sett spesialdesigna både for føtene og hjartet. Forvent dubbete disco, hiphop, jazz og funk i ei salig blanding.

Braak

Målsetjinga til Braak, eller Øyvind Strand Endal som han eigentleg heiter, er å få Vinjerockarane til å slappe av mellom slaga. Han lovar deileg downtempo og døsig nydisko. Kort fortalt: Elektronika. På ein rockefestival. Høgt til fjells. Det skulle jo berre mangle :-)

Obviously Norwegian

Magnus Brattset Drabløs i Obviously Norwegian er ein fryktlaus platekusk som ein ofte treff på bak platespelarane på Tilt og Torggata bar i hovudstaden. Med seg til fjells har han skitne og sjelfulle rytmer frå det sørlege USA. Det vert soul og funk frå Memphis, Muscle Shoals og New Orleans, der artistane heiter Otis Redding, Aretha Franklin, Sam&Dave og Dr. John.

Originalane

Originalbesetninga i Aasmunds Diskobar kan eigentleg ikkje så mykje om å snurre plater, men dei er heilt råe til å plukke låtar. Akkurat dei låtane som du ikkje tør å setje på sjølv, fordi du er redd for kredibiliteten din. Men kreden får segle sin eigen sjø når Marius og Eirik inntek podiet for å spele alle låtane som du innerst inne elskar, og som får deg til å hive deg ut i euforisk mongodans. Sjarmen tel meir enn teknikken både framfor og bak spakane. I platebunken finst alt frå Michael Jackson til Lionel Richie, Curtis Mayfield, Stevie Wonder og Donna Summer. Treng vi eigentleg nemne fleire? Her skal sveitten renne!