Er du litt over gjennomsnittet interessert i foto, ekstreme turar og menneske som lev litt «på kanten»? Då kan du glede deg til foredraga på Vinjerock. Alfa Sko og Hvitserk gjev deg tre perler på ei snor: Yngve Ask, Aleksander Gamme og Sigrid Henjum!
Yngve Ask er fyrstemann ut. Naturfotograf og friluftsmann på sin hals med mykje kunnskap å dele med dei fotointeresserte. Ask fotograferar alt i frå livsstil og reklame for firma som Bergans og Alfa Sko, men er òg ein dyktig naturfotograf. Han er mellom anna ein av svært få skandinavar som har fått bileta sine på trykk i National Geographic - ei bragd innan fotomiljøet!
For Yngve er det viktig at ikkje berre skal biletet sjå bra ut, det skal òg formidla ein bodskap. I tillegg er det helt avgjerande å ha det moro undervegs. Møt opp og la deg inspirere, dra fram kameraet og kom deg ut på fototur etter foredraget!
Yngve held det same foredraget også på laurdag.
Fredag inntek polfarar og ekspedisjonsentusiast Aleksander Gamme scena. Gamme har dei siste ti åra led a og gjennomført eit breidt spekter av ekspedisjonar over heile verda, med og utan andre.
Han har slite seg opp på toppen av Mount Everest, gått over Grønland opp til fleire gonger, tandemsykla i Sahara og i fjor gjennomførte han verdas lengste skitur over Antarktis - ein skitur på 2270 km - utan etterforsyningar og heilt åleine. Aleksander har i ei årrekkje heldt foredrag frå turane sine, alltid ispedd ein god porsjon humor, inspirasjon og sunn galskap. Les meir om Aleksander på nettstaden hans.
Sigrid Henjum avsluttar foredragsrekka laurdag. Du har kanskje sett ho på TV-skjermen i vinter, då ho var med i NRK-serien «Fjellfolk». Sigrid er òg fast matskribent i friluftsmagasinet UTE, og diskar sikkert opp med eit par gode mattips som kan lagast på Primusen om du spør fint. Til Vinjerock kjem den spreke dama for å fortelle om spennande padleturar i Noreg, på Grønland og i Antarktis.
Sigrid jobbar som fast guide på ekspedisjonsarrangøren Hvitserk sine padleturar på austkysten av Grønland, og det er dei som tek Sigrid med opp til Eidsbugarden for at vi skal få oppleva den sprudlande «sognajenta» på nært hald.
Drøymer du om å padla mellom isfjell, pingvinar, kvalar og kalvande breear, eller i norske fjordar og mellom øyene i Lofoten? Då er dette foredraget skreddarsydd for deg!