Kva skal ein pakke med seg? Er det lov med hund? Kort eller kontant? Bikini eller boblejakke? Spørsmåla er mange blant Vinjerockarane om dagen, og difor har vi laga ei aldri så lita oppsummering med harde fakta til deg. Om du skal lese ein sak på heimesida vår i år bør det vera denne.
Dette er strengt tala det viktigaste av alt. Hugs det (samt legitimasjon)! Utan billett kjem du ikkje inn. Vi kan dessverre ikkje hjelpe deg, sjølv om du får nokon til å sende deg eit bilete av billetten der han heng heime på kjøleskåpsdøra...
Mang ein Vinjerockar har vore både våt og kald før deg,
men om du hugsar alt dette skulle du ha dei beste føresetnader for
å vera både turr, varm, mett og glad når dagen er
omme.
Ting du absolutt bør hugse å ta med
deg:
Og når det gjeld klede og utstyr så er eit godt tips: Ull er gull! Ta med klede for all slags vêr. På Eidsbugarden får du nemleg ofte bikinivêr og boblejakkevêr i løpet av eit døgn. Her er ei potensiell pakkeliste:
Sjekk gjerne vêrmeldinga før du legg i veg, så har du ein peikepinn på kva du treng (sjølv om den erfaringsmessig aldri slår heilt til)...
Grunna for liten parkeringskapasitet på Eidsbugarden, samt eit sårbart vegnett, må alle gjester parkere på festivalparkeringa på Tyin. Denne ligg attmed innkøyrsla ved Tyin Panorama og har haldeplass for festivalbussar. Parkeringsplassen har vakthald heile helga. Pris for parkering er kr. 100,- for heile festivalen. Vang Fotballklubb står for vakthald og får inntektene frå parkeringa. NB: Kontant betaling!
Dersom festivalparkeringa på Tyin blir full, vil det bli
skilta til alternativ parkering ved Joker på Tyinkrysset. Det vil
då òg bli sett opp bussar frå dei alternative parkeringane og inn
på Eidsbugarden. Vi oppmodar alle som har høve til det
om å nytte kollektivtransport/køyre saman også opp til Tyin, for å
minske belastninga på parkeringsplassane i området.
Rutetider for festivalbussen finn du her. NB: Du må
vise billetten din + legitimasjon før du
kan gå ombord på festivalbussen.
Når du kjem til Eidsbugarden kan du byte papirbillett mot armband ved inngangen til sjølve festivalområdet. NB! Hugs legitimasjon og evt. medlemsprov frå DNT (har du medlemsbillett utan å kunne syne medlemskort må du betale mellomlegget på kr. 300,-).
Om du kjem til Vinjerock som akkreditert eller
frivillig kan du gå til Serviceteltet for å få på deg
armband.
Serviceteltet på Eidsbugarden er bemanna med infovertar som kan gje deg svaret på det meste du lurer på. Veit dei det ikkje sjølve gjer dei kva dei kan for å finne den rette å spørja. Innsjekking for friivllige er også i dette teltet.
Opningstider:
Det er tillate med hund i campen, så lenge den ikkje er til sjenanse for andre gjester. Hugs bandtvangen og sørg for at dyret ditt alltid er ivareteke (har mat, drikke, ly for vêret og ikkje blir sett att åleine i lange periodar). Ditt dyr er dit ansvar!
Det er ikkje tillate med hund inne på festivalområdet, og heller ikkje på festivalbussen grunna allergihensyn. Ved behov kan eige transport for dei firbeinte kjøpast for kr. 200,- pr. tur/pr. dyr. Bestill transport i god tid frå transportsjef Endre Vik på tlf. 416 98 782.
Ta gjerne med ungane om du ynskjer det. Aldersgrensa på festivalen er 16 år, men ungar under 16 år slepp inn i følge med føresette. Ungar under 12 år har gratis inngang i følge med føresette.
Har du med borna og skal campe? Set gjerne teltet ditt opp eit stykkje unna alle andre, ivrige Vinjerockarar har ein tendens til å lage lyd langt ut i dei små timar, og born skal helst sove om natta. Hugs å passe på høyrselen til dei minste (bruk hørselsvern som Peltor Kids eller liknande) slik at dei framleis kan nyte lyden av Vinjerock om 20 år!
Matpakka kan du legge att heime. Vi har rikeleg med mat, god mat! Og det beste av alt er at den ikkje kostar skjorta heller. Klikk her for å sjå årets meny og opningstider for dei ulike serveringsstadene. Vi har òg tilbod til allergikarar og vegetarianerar.
Alle salspunkt på festivalområdet tek kun Cashless som betalingsmetode. Cashless-kortet kan ladast opp med både kontantar og kort, men vi ber om at du i så stor grad som mogleg nyttar kort for kjøp av bongar.
Om du ikkje har eit Cashless-kort frå eit anna arrangement tidlegare i år, så får du utdelt kort ved fyrste opplading i Bongbua. Årsgebyret på kr 50,- vil då bli lagt til i transaksjonen.
Du kan sidan registrere kortet ditt på www.cashless.no
. Innanfor gyldigheitsperioden kan du benytte kortet på alle
arrangement i Noreg som har Cashless si
betalingsløysing. Ynskjer du å fylle opp kortet eller få
refunderte ubrukt beløp, kan du gjera dette i heile
gyldigheitsperioda (fram til 31.12.2012). Hugs å gå til ein
påfyllingsstasjon (Bongbua) og få ei refunderingskode før du reiser
frå Vinjerock dersom du ynskjer å ta ut resterande beløp.
Alle med festivalpass har inkludert gratis overnatting i verdas mest idylliske festivalcamp like ved festivalområdet. Det vil bli rigga toalett i tilknyting til festivalcampane. Hugs at bålbrenning, eingongsgrillar og glasflasker er srengt forbode i festivalcampane! Festivalcampen er fysisk avgrensa, og det skal ikkje setjast opp telt utanfor desse grensene. Vi ber dykk respektere privatlivet til hytteeiagarne i nabolaget.
Det blir også i år rullestolvennlig camping ved sidan av Fondsbu, denne er kun for rørslehemma.
Ynskjer du å ta med bubil eller campingvogn til Vinjerock blir det eigen camp på Tyinholmen, om lag 3 km frå Eidsbugarden. Det er mogleg å ta festivalbussen båe vegar. NB: Begrensa med plassar.
Førehandsbestilling kan du gjere hjå Tyinholmen,
telefon 61 36 78
88
Merk: Caravanplass er ikkje inkludert i
festivalpass.
Posar til søppel får du på festivalbussen, i Serviceteltet
og av vår vandrande miljøpatrulje. Desse har
fargekodar:
Raudt = pant, grøn= matavfall, svart = restavfall og kvit =
plast.
Søpla di kan du levere på ein av dei ti miljøstasjonane våre
som du finn i campen, i Vinjeparken, utanfor informasjonsteltet og
på festivalområdet. Miljøstasjonane er merka med grøne
skilt!
Veit du ikkje kvar du skal gå? Ynskjer du turtips? Stikk innom turinformasjonen til DNT i Vinjeparken og spør om råd!
På Vinjerock har vi eigen Vinjedoc (doktor). Skulle uhellet vera ute kan han lappe deg saman igjen, evt. sende deg vidare om sterkare lut må til. Sanitetsteltet er alltid bemanna med sanitetspersonell frå Røde Kors, sjukepleiarar og lege. I tillegg finn du helsestasjon for ungdom, politi og brannvesen i same området.
I tillegg til dette har vi alltid tryggleikspersonale som patruljerar området og passar på. For din eigen tryggleik tilrår vi:
Har du funne noko som ikkje er ditt? Ta det med til serviceteltet og lever det her. Har du mista noko? Stikk innom det same serviceteltet og meld det sakna, eller høyr om det er komme til rette.
Vi prøver stadig å forbetre oss med tanke på miljøet, og med det bestemte vi oss for å fjerne papirbaserte informasjonsløysingar og satse på meir miljøvenlege løysingar. Vi har kutta ut både festivalavis og festivalprogram, då det stor sett enda som søppel etter festivalen, men ikkje fortvil - gode alternativ ventar deg!
Det blir åtte infoskjermar plassert rundt på området der de kan finne informasjon om det meste som skjer og anna nyttig informasjon. Dersom infoskjermen ikkje «svarar» på det du lurer på kan du ta turen innom Serviceteltet og spørje dei hyggelege vertane våre der!
Fordi vi baserar oss på digitale informasjonsløysingar har vi òg utvikla mobile nettsider som syter for informasjon «rett i lomma». Vi baserer oss på at du nyttar mobilen og difor set vi òg opp ladestasjonar i samarbeid med Vang Energiverk fleire stader på festivalområdet.
Ta gjerne turen innom før du reiser og oppdatèr deg på
siste nytt på nett - her finn du artistintervju, program og anna
snacks det kan vera kjekt å ha lest i gjennom før du pakkar sekken
og dreg.
Dersom noko framleis er uklart er det berre å sende oss ei
melding på Facebook
eller e-post på post@vinjerock.no -
så skal vi svare deg så best vi kan.
Velkomen til fjells!