15 slag øl på Vinjerock

Ja, du leste rett. I samarbeid med Mack, Kinn Bryggeri og Valdres Gardsbryggeri byr vi på totalt 15 øltypar frå dei ulike barane våre til helga! Og ikkje nok med det: To av dei er spesialbrygga, og vil kun bli å finne på årets Vinjerock.

- Øl er for mange ein viktig del av ein festival, men vi har lenge snakka om at vi ynskjer å setje større fokus på smaksopplevinga dette kan by på, forklarar festivalsjef Eirik Høyme Rogn.

Vinjerock sel mindre øl enn mange andre festivalar på same storleik, noko festivalsjefen trur handlar om kva type publikum som dreg til fjells.

- Vinjerockarane har meir fokus på kosen, og kvalitet tel meir enn kvantitet. Og det beste dei veit er unike smaksopplevingar. Ølen frå Valdres Gardsbryggeri har vi tidlegare måtte rasjonere for å ikkje gå tom med ei gong, så vi er sikre på at dette fell i smak. Difor er det utruleg kjekt å endeleg kunne by på eit skikkeleg ølutval høgt til fjells.

Utvida samarbeid

Festivalen har tidlegare samarbeida både med Mack og Valdres Gardsbryggeri. Mack er festivalens hovudleverandør på 4. året, medan Valdres Gardsbryggeri faktisk har vore med heilt frå den spede byrjinga i 2006. Båe bryggeria er med vidare, men i tillegg har festivalen no inngått samarbeid med Kinn Bryggeri frå Florø. Resultatet blir ein eigen ølbar på festivalområdet, der Kinn byr på 8 ulike typar øl - deriblant ein som er spesialbrygga til festivalen.

- For ein nynorskfestival var det ingen tvil om at Kinn var ein interessant samarbeidspartnar, dei har jo Ivar Aasen på etikettane sine, ler festivalsjefen.

Og bryggerisjef Espen Lothe i Florø-bryggeriet var ikkje vond å be.

- Eg tente straks på ideen om å ha ein dedikert ølbar på Vinjerock, fordi det er ein unik festival med ei fantastisk beliggenheit. Sist eg var på Eidsbugarden var det for å kvile støle bein og armar eit par dagar på Fondsbu under Norge på langs-tur. Når eg såg at eg kunne koma attende for å servere mitt eige øl på same staden, måtte eg berre slå til.

Bryggeriet si historie er ikkje gamal. Den går ikkje lengre attende enn til 2009, då læraren Espen sa opp jobben for å leva ut øldraumen - og starta eige handverksbryggeri.

- Ideen var å lage eit bryggeri som produserar ekte øl, som er overgjæra i opne gjæringstankar med gammaldags overgjær og sjølvsagt utan tukling som pasteurisering eller filtrering. Responsen har vore formidabel og det er lenge sidan vi nådde taket på produksjonsvolum i dei noverande lokala, fortel bryggerisjefen.

I den nye «Aasmunds Ølstøge», som blir Kinn sin boltreplass i år, vil det bli ølsmakingar i løpet av festivahelga.

- Ein gong kvar dag set vi opp ei smaksseanse, der me frå bryggeriet fortel litt om dei ulike øltypane og kjenner på smakane saman med dei som har lyst til å lære meir om ølen vår, fortel Espen Lothe. 

Øl + rock på vinyl = sant

Når fjellfolket lanserte tanken om auka satsing på nisjeøl meldte også Mack seg snøgt på banen. Bryggeriet har i fleire år laga eigne øl til Buktafestivalen, og tok utfordringa med å lage eit spesialbrygg til Vinjerock på strak arm. Resultatet vart ein «dunkelweiss» med einebær og -nåler (biletet i saka er frå bryggeprosessen).

- Dette ølet vart brygga til tonar frå blant andre Rage Against The Machine, Grinderman, DePress og Volbeat, og fermenteringa vart gjort til konstante tonar frå Tom Waits si skive «Blood Money», fortel Christopher Madsvåg i Mack.

- Alt på vinyl, sjølvsagt.

Desse øltypane finn du på Vinjerock i år:

  1. Mack Arctic
  2. Mack Haakon
  3. Mack Fjellweiss (spesialbrygga for Vinjerock)
  4. Kinn Jubileum
  5. Kinn Prestesonen
  6. Kinn Sjelefred
  7. Kinn Slåtteøl
  8. Kinn Vestkyst
  9. Kinn Svart Hav
  10. Kinn Rosa Kinn
  11. Kinn Storegut (spesialbrygga for Vinjerock)
  12. Valdres Gardsbryggeri Kvek
  13. Valdres Gardsbryggeri Staut
  14. Valdres Gardsbryggeri Brisk
  15. Corona (glutenfri)

Vi gjer merksam på at mange av øltypane kun er tilgjengeleg i ein av barane, og at vi kan gå tom for einskilde typar i løpet av festivalhelga.